Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stavgangtur til Leikaren

Jon Olav Ørsal Fredag 30. september 2016

21 personar deltok på stavgangturen sist torsdag. Det var start på Mogstad, og kjentmann og turleiar på turen opp til Leikaren var Petter Mogstad som nok er godt kjent i desse traktene.

Vêrutsiktene var ikkje så bra, men regnet som var meldt glimra med sitt fråvær under turen til Leikaren. Til og med nokre solglyttar fekk stavgangarane på den flotte turen, og etterpå gjorde det godt med ein lang og sosial kaffepause – og medbragt nistepakke.

Neste torsdag, 6. oktober, går stavgangturen til Hamnes, med oppmøte til vanleg tid kl 11.00

Fotogalleri frå turen frå Mogstad og opp til Leikaren – alle foto: Sigrun Ørsal

 

 

 

 

 

Publisert: 30. september 2016, 16:44