Skutersport i øyalia og til Tristeinan – oppdatert
TILs løypekomiteen er i gang på oppkjøring av skiløyper. Dei første løypene er klare til bruk, og fredag kveld var løypa frå Kvennset og oppover til ungdomshuset og vidare opp Øyalia klar. Denne veka er det Ivar Bolme som har vakt, og han har fredag køyrt på spor opp Øyalia og opp til Haukåa, og innover til Bjøråa eit stykke utafor Tristeinan.