Det er alltid spennande å måle aktivitet og samanlikne fjoråret og året i år. Spesielt artig er det dersom tala går i din favør. Det gjer faktisk tala på nettstaden vår – Todalen.no har i 2016 hatt auke i trafikken – slik som tidlegare år. Totalt har vi hatt mesta 444.000 besøk i løpet av året, mot 422.000 i fjor – det blir rundt 5% i auke.
Det er vi faktisk godt nøgd med – men enno større auke har vi hatt i talet på unike besøkande – det har auka frå rundt 69.000 til 89.000, og det blir heile 29%. Korleis blir neste år? Ja, sei det! Vi er iallfall førebudd på at besøkstala ikkje kjem til å vekse inn i himmelen, men det er opp til deg. Og det er sjølvsagt opp til oss som må gjera innhaldet leseverdig. Vi i redaksjonen takker for godt besøk i 2016 og ønskjer alle eit
Godt nyttår i 2017