Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Julerevyen tRAUSt fylte ungdomshuset

Jon Olav Ørsal Onsdag 28. desember 2016

Todalen ungdomshus var fylt til siste plass da Todalen Idrettslag inviterte til årets julerevy 3. juledags kveld. Og publikum tok godt i mot julerevyen som hadde fått namnet «tRAUSt» – som var lett inspirert av sommaraktivitetane på Todalshytta som ein raud tråd. Med godt over hundre på kveldsforestillinga i tillegg til ettermiddagsforestillinga vart det nærarer 200 som såg revyen – det er vi veldig godt nøgde med, seier fotballformann Knut Bergly som var festsjef.

Det er ein rutinert og dyktig revygjeng i Todalen Idrettslag, og årets revy kan vel omtales som ein artig og skånsam revy, men som likevel hadde ein skikkeleg snert og mange gode høgdepunkt – krydra med musikalske innslag og nyskrevne songtekster. Først ute var Jørgen Hals med si tolking av «White Christmas».  Denne sette publikum stor pris på og han hausta tor applaus for si framføring som ein av dei to gjesteartistane.

Ein dyktig og underhaldande revygjen – her er alle på scena i avslutningsnummeret. Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

Vidare var det mange morosame skjetsar – inspirert av ymse hendingar rundt bygda.  Sjølvsagt var Listhaug og satsing på nye fjøs eit aktuelt tema, og det var også Todalshytta og RAUS-konsertane. Den andre gjesteartisten var Nils Egeness frå Surnadal som hadde rolla som tysk turist, og  som sette skråblikk på det som forgikk i kommunen. og ikkje minst snøen og snølusa i Seterlia. – Her var det snakk om både villsnø, kunstsnø og oppdrettssnø. Andre tema på revyscena var nedlegging av Heimevernet og kratthogstaksjonen til saniteten.  På tampen tok Nils Ove Bruset ein nyheitsrunde rundt bygda, og innvidde oss i både store og små nyheiter. Her vart tema som bygdeboka, saniteten, jakta, Terje N og Johan K. kommenterte. – I det heiletatt ein fornøyeleg og underhaldande revy med mange artige innslag og dyktige sceneartistar.

Magne Hansen fikk heidersprisen Den Gyldne Patron for 2016 – Stig Husby tok i mot prisen på vegne av onskelen. Det var lars Sæther og Nils Ove Bruset som delte ut heidersprisen. Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

Den gyldne patron
Hedersprisen – Den Gyldne Patron – blir vanlegvis delt ut på Hjortfesta. I år var hjortfesta kansellert, og difor var årets prisutdeling lagt til revyfesta 3. juledag. Kandidatar til denne prisen er folk som har gjort ein ekstra innsats for bygda, og som har vore med på å fremme bygda for omverda.  Etter nøye vurdering gikk prisen denne gongen til Magne Hansen frå Kvanne. – Magne har gjennom «alle år» vore eit fast innslag som speaker, både på skirenn og innkje minst som speaker og kommentator under Todalsdagen.  Magne har alltid stillt opp, og har gjort sine tenester vederlagsfritt – som rein dugnadsinnsats. Todalen idrettslag rettar ein stor takk til Magne for denne innsatsen, sa Lars Sæther som var prisutdelar. Magne Hansen var ikkje til stader under prisutdelinga, men Stig Husby tok i mot prisen på vegne av onkelen. Vi gratulerer Magne med velfortent pris!

Bildegalleri frå julerevyen tRAUSt i Todalen ungdomshus – alle foto: Driva/Jon Olav Ørsal.

Publisert: 28. desember 2016, 09:49