Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

No blir det skøytebane på Bordholmen….

Jon Olav Ørsal Måndag 2. januar 2017

Måndag kveld vart skøytebanen rydda for snø, og fekk sin første dose med vatn.  – Blir det kuldegrader no så blir det skøyteis på asfaltplassen framfor klubbhuset, fortel Knut Bergli og Anders Gjeldnes.

Måndag kveld vart banen brøyta opp – så no er det berre kuldegrader som trengs for å få til fin isbane på asfaltplassen framfor klubbhuset. Foto: Jon Olav Ørsal

Det er varierande vermelding i den komande 10-dagersperioden, og vi må nok rekne med både meir snø og kanskje nokre regndråpar innimellom. Men meteorologane lovar også nokre kuldegrader, så er vi heldige så får vi til is på banen her, seier Knut og Anders som i første omgang pøsar på vatn no.

Publisert: 2. januar 2017, 23:08