Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nyttårsgudsteneste – Bernt Venås takkar av som sokneprest

Jon Olav Ørsal Sundag 1. januar 2017

Nyttårsgudstenesta på nyttårsaftan markerte på mange måtar eit skille. For det første blir kyrkja fristillt frå staten frå årsskiftet, og det gjer at det blir ei likestilling mellom alle tru- og livssynssamfunn i den norske stat. I samband med denne prosessen sluttar vår sokneprest gjennom dei siste 28 åra, Bernt Venås (59) , og fråtrer si stilling som sokneprest i Stangvik prestegjeld.

Det var nok langt fleire enn vanleg som tok turen til kyrkja i går ettermiddag for å ta avskjed med Venås. Venås er embetsmann og tilsett i Staten, og vert ikkje med over til Den norske kyrkja som ny arbeidsgjevar. Britt Mossing som er soknerådsleiar i Todalen sokneråd, takka Bernt Venås for det han har betydd for todalingane og overrekte ein blomsterbukett som synleg bevis for det.  Etterpå vart det ei lita markering med kyrkjekaffe, før vi gikk inn i det nye året med ny ordning for kyrkja.

Det var kanskje nokon som vart litt overraska over solosongen frå galleriet.  Det har i jula vore Johanne Bjørkhaug frå Meldal som har vikarert som organist. Til nyttårsgudstenesta hadde ho med seg faren Arnt Bjørkhaug som altså tok del i salmesongen som solist.

 

 

Publisert: 1. januar 2017, 17:15