Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 7178 artiklar i dette arkivet.


Saga siste stokken i dag …….

Jon Olav Ørsal Onsdag 4. januar 2017

På MøreTre passerte siste tømmerstokken saga i dag. Ein epoke er over, men det er på ingen måte nokon brems på for selskapet som høvlar og sel meir produkter av skurlast enn nokon gong. Sagverket på Møretre er frå 1975, og har dermed gjort teneste gjennom 40 år, og sjølv med ei oppgraderinga av anlegget først på 2000-talet kan vi konstatere at anlegget er utslitt, seier dagleg leiar Hallvard Brusethaug i MøreTre.


Full fart på Tjønnmyra

Jon Olav Ørsal Onsdag 4. januar 2017

Den siste tida har snømangel hemma aktivitetane i lysløypa på Tjønnmyra. Snøfallet dei siste par dagane, saman med litt kulde har sørga for perfekte forhold i lysløpa etter at Ståle har preparert løypa i dag tidleg.


Lysløypa: – Klar til bruk!

Jon Olav Ørsal Onsdag 4. januar 2017

Vi har venta lenge på skiføre i lysløypa på Tjønnmyra. Endeleg er det kome nok skiføre til å kjøre på skispor gjennom heile lysløypa, og Ståle Ansnes melder no at lysløypa no er klar til bruk.  Dermed er det berre å finne fram skiene og sette i gang. 


No blir det skøytebane på Bordholmen….

Jon Olav Ørsal Måndag 2. januar 2017

Måndag kveld vart skøytebanen rydda for snø, og fekk sin første dose med vatn. – Blir det kuldegrader no så blir det skøyteis på asfaltplassen framfor klubbhuset, fortel Knut Bergli og Anders Gjeldnes.


Pussar opp i Sanitetshuset…

Jon Olav Ørsal Måndag 2. januar 2017

Todalen Sanitetsforening er i gang med oppussing av 2 av dei 4 leilighetene i Sanitetshuset. Dei to leilighetene som no får ei oppgradering har ikkje vore oppussa sia huset vart bygd i 1981, så no trongs det ei eit lite løft. Vi trefte Ragnhild A. Moe og Elinor Bolme som var der på dugnad i samband med oppussingsprosjektet.


Nyttårsgudsteneste – Bernt Venås takkar av som sokneprest

Jon Olav Ørsal Sundag 1. januar 2017

Nyttårsgudstenesta på nyttårsaftan markerte på mange måtar eit skille. For det første blir kyrkja fristillt frå staten frå årsskiftet, og det gjer at det blir ei likestilling mellom alle tru- og livssynssamfunn i den norske stat. I samband med denne prosessen sluttar vår sokneprest gjennom dei siste 28 åra, Bernt Venås (59) , og fråtrer si stilling som sokneprest i Stangvik prestegjeld.


Godt nyttår – takk for at du var med oss!

Jon Olav Ørsal Laurdag 31. desember 2016

Det er alltid spennande å måle aktivitet og samanlikne fjoråret og året i år. Spesielt artig er det dersom tala går i din favør.  Det gjer faktisk tala på nettstaden vår – Todalen.no har i 2016 hatt auke i trafikken – slik som tidlegare år.  Totalt har vi hatt mesta 444.000 besøk i løpet av […]


Kunstutstilling heilt på tampen…

Jon Olav Ørsal Laurdag 31. desember 2016

I dag er det kunstutstilling i Skulstua (Gammelskulen). Det er første gongen at Skulstua er bruka til kunstutstilling, og det er kunstnaren Sissel Halset Storslett som stiller ut 22 av sine måleri på denne premieren. – Utstillinga er opa frå kl 12 og utover til kl 16, så det er berre å hive seg rundt og ta ein tur.


Nyttårsgudsteneste i Todalen kyrkje

Jon Olav Ørsal Fredag 30. desember 2016

Nyttårsaften – 31. desember kl. 16:00 – er det gudsteneste i Todalen kyrkje med sokneprest Bernt Venås. Dette blir ei litt spesiell gudsteneste, da vi tek avskjed med sokneprest Bernt Venås som etter så mange års teneste sluttar no til nyttår. Det blir offer til Todalen Sanitetsforening.


Juletrefest med fres i

Jon Olav Ørsal Fredag 30. desember 2016

6. juledag arrangerte Todalen Idrettslag juletrefest for dei aller minste. Det er ikke tilfeldig av disse juletrefestene er kalla for «springarfester», for det var ein livåt gjeng som møøte til gang rundt juletreet, og ekte nisse som kom på besøk og hadde med seg gåver til alle. – Og jammen trur eg både store og små kosa seg – og tykte det «stod til», dei par timane som juletrefesta varte


Julerevyen tRAUSt fylte ungdomshuset

Jon Olav Ørsal Onsdag 28. desember 2016

Todalen ungdomshus var fylt til siste plass da Todalen Idrettslag inviterte til årets julerevy 3. juledags kveld. Og publikum tok godt i mot julerevyen som hadde fått namnet «tRAUSt» – som var lett inspirert av sommaraktivitetane på Todalshytta som ein raud tråd. Med godt over hundre på kveldsforestillinga i tillegg til ettermiddagsforestillinga vart det nærarer 200 som såg revyen – det er vi veldig godt nøgde med, seier fotballformann Knut Bergly som var festsjef.