Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 7081 artiklar i dette arkivet.


Førsjulstreff med saltkjøttmiddag og nissebesøk – ei levande bygd!

Jon Olav Ørsal Sundag 11. desember 2016

Det vart ei triveleg førjulssamling i ungdomshuset søndag. Krafttak for kratt var dagens tema, og jammen vart det eit krafttak. Rundt 25.000 blanke kroner kom inn til aksjonen som skal settast i gang når det lir til vårs. Da skal krattskogen til pers. Kjøkkengjengen fikk salg på 80-90 porsjonar med saltkjøtt og kårabistappe, og det var god stemning og praten gikk lett rundt borda…..


Blir det nok mat??

Jon Olav Ørsal Sundag 11. desember 2016

Stakk innom ungdomshuset for å sjekke stemninga på kjøkenet. På spørsmål om dei trudde det vart nok mat, så bekrefta kokkelauget som består av Elinor og Åse at det blir iallfall nok til 120 personar, så det tok dei rutinerte kokkane heilt med ro….


Jamnt i kampen om finaleplass for Ragnhild Maria

Jon Olav Ørsal Sundag 11. desember 2016

For eit par veker sia skrev vi om Ragnhild Maria Dietichson som gorde forsøk på å kome vidare til finalen i ein lattergalla-konkurranse på Sørlandet. No er ho kome til finalen, og det står mellom Ragnhild Maria og ei anna dame frå Arendal.  Avstemminga går fram til 15. desember og Ragnhild maria ligg bra an…… […]


Storfossen – mykje vatn laust

Jon Olav Ørsal Fredag 9. desember 2016

På tampen av dagen tok vi ein liten flaumrunde – etter at det har regna både torsdag og fredag var det mykje vatn i Storfossen fredag ettermiddag. Vassmålaren til NVE ved Storfossen tippa såvidt over 60 m3/sek før han bevega seg under 60-talet ei stund.


Juletre og juleblomster – også på søndag

Jon Olav Ørsal Fredag 9. desember 2016

Juletre og juleblomster er forlengst på plass i Hageland Surnadal. Du får ein «kick» med julestemning når du kjem inn døra, og jammen er det koseleg når du får auge på eit hav med juleblomster i grønt og rødt. Søndagane før jul er butikken på Hageland open 12-17.


Klar for krafttak – heile bygda er med…

Jon Olav Ørsal Fredag 9. desember 2016

Dei siste par åra har vi teke ein kvilepause i juleførebuingane og laga eit arrangement for alle og som alle lag og organisasjonar står attafor. Søndag går årets arrangement av stabelen, og da inviterast alle todalingane og spesielt dei som er nyinnflytta til eit triveleg uformelt arrangement og attafor står lag og organisasjonar i bygda.


Tida går fort – feira det første året med kake

Jon Olav Ørsal Fredag 9. desember 2016

I føremiddag var det samling rundt kaffebordet i Pestu-fjøset, og tilhørande marsipankake til 10-kaffen. – Det måtte markerast at det var presis 1 år sia dei første kyrne vart flytta fra fellesfjøset i Ørsalbukta og til det nye mjølkefjøset i Pestua, som stod klart med to mjølkerobotar.


Juletid – julestemning på CD i butikkane

Jon Olav Ørsal Fredag 9. desember 2016

No føre jule finn du mykje julegåvetips i butikkane, det kan være både årsskrift, julehefte og musikk på «box». Alt har til felles at det er meir eller mindre lokalt, og det er lagt ned ein stor innsat for å lage til ting for sal. CD’n «Juletid» er ikkje noko unntak. Det er Bernt Bøe som er primus motor og organisator, og attafor står fleire kor og muikarar for å få prosjektet i hamn – mellom anna Todalskoret.



Vanskeleg tid for Kårvatn Fjellutstyr

Jon Olav Ørsal Tysdag 6. desember 2016

Det er vanskeleg å drive butikk med stengt veg, seier Laila K. Bergli som er dagleg leiar ved Kårvatn Fjellutstyr. Det er ille for oss at dette skjer no, som skisesongen og julehandelen var kome godt i gang. No er det bom stopp!


Vil ta tid å få reparert vegen i Falla

Jon Olav Ørsal Tysdag 6. desember 2016

I dag har det vore geolog på befaring på rasstaden i Falla. Etter befaringa er det klart at det geoteknikar til staden for å bore i grunnen for å finne trygg grunn til vegen, fortel Terje Forberg i Surnadal kommune. Vegen gjennom Falla vil fortsatt være stengt!


Nytt ras i Falla – utbetringsarbeidet stoppa

Jon Olav Ørsal Måndag 5. desember 2016

Arbeidet med å utbetre vagen i Falla etter rasert i dag tidleg er stoppa etter at det har rasa ut meir masse i området, fortel Gunnar Bøe i Surnadal kommune. Etter ei vurdering no på tampen av dagen er det belutta at det skal gjerast ei ny vurdering når det blir lyst i morgon tidleg – da satsar ein også på å få med geolog, fortel Bøe.