Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Mange elementbygg til Helgeland

Jon Olav Ørsal Sundag 2. april 2017

Talgø MøreTre sel elementbygg over heile landet – vi har tidlegare skrive om ridehallen som vart levert til Barduområdet, og det er elles levert elementbaserte landsbruksbygg i tre over heile landet. Men sjølsagt er flest bygg levert til kundar i region Midt-Noreg. – Mange prosjekt har gått gjennom Bindalsbygg, som er ein Talgø-eigd Bygger’n-butikk som er lokalisert til Terråk i Bindal kommune.  I forrige veke hengte vi oss på da byggsjefen sjøl, Svein Løvik besøkte kundar og prosjekt i Sør-Helgeland sammen med konsernsjefen.

I Kolvereid og Rørvik er det stor byggeaktivitet, med både næringsbygg, boligbygg og fritidsbygg. Gjennom fleire år har Talgø MøreTre hatt leveransar hit og har eit godt samarbeid med bl.a. Nærøysundgruppen som er ein stor aktør i marknaden der.  I Rørvik sentrum er eit prosjekt med 24 leiligheter på gang. 12 av leilighetene skal er snart ferdige, og skal være innflyttingsklare i juni – dei 12 neste er også starta opp. I dei 12 første pågår no montering av kjøken og anna utstyr. For å hjelpe på er 4 snikkarar leigd ut frå Talgø MøreTre eit par veker for å bygge terrassar til dei tolv leilighetene som skal være ferdige i juni, 10 månader etter at første spadetak vart teke. Totalt var eit 20-tals snikkarar og montørar i arbeid på prosjektet da vi var innom.

Sjøbuer under bygging i Rørvik – utvikla hos Talgø MøreTre . Foto. Jon Olav Ørsal

De nye sjøbuene som Talgø MøreTres elementfabrikk har utvikla har også slått godt an. Den siste tida er det bygd fleire i det same området. Helgelandskysten er eit eldorado, og har store mulegheiter for bygging av både fritidshus og bolighus på flotte utsiktstomter.

Vi har laga eit bildegalleri frå turen til Sør-Helgeland som vi har lagt ut nedafor.  Alle foto: Jon Olav Ørsal

 

 

 

Publisert: 2. april 2017, 11:31