Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vårteikn og store vedrøyser…

Jon Olav Ørsal Laurdag 1. april 2017

Skal ein dømme etter størrelsen på vedrøysene så går vi ein skikkeleg kaldvinter i møte til neste vinter.  Når arbeidet med vedkapping og kløyving startar, så er det eit sikkert vårteikn.  Da er det viktig å kome i gang tidleg, og så trur eg det føles som status å ha store røyser og mange vedpallar. Todalen.no tok ein runde rundt bygda i dag for å ta vedproduksjon i nærare øyesyn, og vi trefte mange trivelege vedhoggarar som vart glade for å få besøk, slik at det kunne være naturleg å ta ein liten pause.

Utmed Rossåbrua var Lars Redalen i gang med å vinsje opp ved for å dra bortpå lunningsplassen, der det var fleire som hadde store vedrøyser, så her blir det nok stor aktivitet etter kvart. På turen innover passerte vi ei stor stabel hos Bernt Jørgensen – han var på det næraste ferdig og hadde nok avslutta for dagen da vi passerte.

På Sandstad hadde Ivar Helge Kvendset kappa ned den store blodbøken utmed vegen, så no har han gått laus på kårskogen! I Viastua stod det 12 paller opplina attmed vegen, og den 13. var i arbeid. Fint arbeid i kombinasjon med saulamminga som startar snart, konkluderte Gudmund.

På Halla var det ekstremt store vedrøyser i år. Det har nok sin naturlege forklaring med at det er tømmer og skatkvist frå tømmerdrifta i fjorhaust. Frode i Steinarstua hadde starta med det verste først – de stokkane som er for store for kapp/kløyve-anlegget. Her blir det nok nokre økter før jobben er ferdig!

På andre sida av vegen var Jan Bruset i full gang med akkurat same jobben – her vil det no gå nokre dagar før alt er ferdigpakka på pall. Men jan får nok god hjelp av mekanikken – to traktorar og ei stor vedmaskin var kome på plass.

Ein avstikkar til Brusetmarka kunne ikkje avsløre noko form for vedarbeid – dei tek sikker laurdagsfri. På Halla trudde dei at dei i Brusetmarka enno dreiv i skogen og at det var slik at vi ikkje såg nokon.

Men Harald Myrås på Elvagard låg i allfall godt an – han hadde kappa opp det meste, som låg klart til kløyving framfor vedskottet. Han var synleg stol av arbeidet han hadde gjort, og poengterte at veddrifta på Elvagard var slett ikke overmekanisert. Og helt til slutt trefte vi Håvard Halset som var i full gang med å pakke ved i pallar. han hadde og mykje ved etter hogst med skogsmaskina i fjor haust. men han har og mange faste kundar, og mykje av veden skulle direkte ut til kundane.  Klarte til slutt å overtale Håvard til å posere attmed den nye grøne traktoren.

Her finn du eit bildegalleri frå rundturen rundt bygda. Det var sikkert fleire som dreiv med vedarbeid som vi ikkje såg frå vegen, men dei får vi presentere ein anna gong.  Alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 1. april 2017, 17:32