Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

No er det tid for branntilsyn….

Jon Olav Ørsal Måndag 3. april 2017

Måndag trefte vi feiarane Jon Nordvik og Hans Chr. Hårstad i Brusetmarka, der dei hadde branntilsyn hos Gunnar Nordvik – både i verkstaden og i privatboligen. Dei hadde starta ovafor Falla, og er no komne til Brusetmarka. Men dei skal fullføre runden rundt heile bygda før dei gir seg, fortalte Jon.

Jon konkluderer med at omnen i verkstaden til Gunnar er av den gammeldagse typen som ikkje er reintbrennande. Men det er fullt lov å bruke enno, men ikkje lov å montere. Foto: Jon Olav Ørsal

Han fortalte at dei har branntilsyn i alle heimar kvart 4. år, og no er det fokus på omnar og piper, samt røykvarslarar, rømmingsvegar og slukkeutstyr.  I dag er det berre reintbrennande omnar som det er tillatt å montere, men det er framleis lov til å bruke vanlege «gammeldagse» omnar enno.  Jon fortel vidare at mange har litt problem med å fyre i dei nye omnane, så dei legg vekt på å lære folk litt om fyringsteknikk når dei besøker folk som har problem med fyringa og problem med bekksot.

Når det gjeld slukkemateriell så anbefaler feiarane no at du kjøper skumapparat når du skal kjøpe nytt. Dei er meir effektive å slukke med, og gjer mindre skade enn pulverapparata ved branntilløp. men pulverapparata er sjølvsagt fullt brukbare og godkjent i bruk enno.

Nytt i feiarbransjen er at feiarane har fått pålegg frå sentralt hald om tilsyn og feiing av alle fritidseigedomar. Korsleis dei skal gjennomføre det var dei usikre på, for det er heile 1600 fritidsbustader i Surnadal kommune og mange av dei ligg langt frå allfarveg.

Publisert: 3. april 2017, 14:22