Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

No kan du sikre deg boka om husmorskulen – fredag blir ho presentert

Jon Olav Ørsal Tysdag 4. april 2017

Gikk du på Nordmøre Husmorskule i perioden 1921 og fram til 1977 vil du nok ha stor interesse av å skaffe deg boka om Nordmøre Husmorskule som no er komen.  Det er Einar Oterholm som er forfattar av boka som omhandlar historia fram til skulen vart vidaregåande skule i 1978. Fredag kveld (7.4.) blir boka presentert under eit arrangement i Halsa heimbygdlags regi der forfattaren viser lysbilde og fortel om husmorskulen og Bernt Bøe fortel om boka som no er komen i sal.

Det er Halsa Heimbygdlag som er arrangør, og som også byr på sal av kaffe og nylaga lefse, lotteri og sjølvsagt sal av boka.

Boka som er på 157 sider er rikt illustrert, og fortel om historia til husmorskulen og den omflakkande tilværet som skulen hadde før den fik sin plass på Halsanaustan. Det er nok mange som har gode minner frå opphaldet på skulen på Halsanaustan.

Publisert: 4. april 2017, 22:47