Breiband i sikte for Husbygrenda
Torsdag starta Rolf Petter Halle gravinga for å forsyne Husbygrenda med fiberbasert breiband. Det er no eit par år sia Svorka Aksess la opp matingskabel for fiberbreiband fram til transformatormasta ved Husby. No er dei altså i gang med å installere til fiberbasert breiband til alle som har bestilt, både i Husbygrenda og i Bekkerhagan bustadfelt.