Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nordmøre spelmannslag på Todalsvisitt

Jon Olav Ørsal Måndag 19. juni 2017

Søndag ettermiddag var Nordmøre Spelmannslag på besøk i Todalen, og inviterte til konsert i Todalen ungdomshus. Nordmøre spelmannslag er samansett av musikarar frå heile Nordmøre, og dei presenterte slåttar etter Hallvard Ørsal, Erik Almhjell, Leif halse og andre.

Litt artig at Kolbjørn Halse er med i spelmannslaget når dei også spela musikk etter Leif Halse, som var onkel hans, skriv Ingri Bruset, som har sent oss eit par bilder frå konserten i ungdomshuset.

Nordmøre Spellmannslag består av rundt 15 personar frå heile Nordmøre. Foto: Ingri Bruset

Konserten treftes nok på ei helg med mange andre aktivitetar, og det begrensa nok talet på tilhøyrarar til konserten som også kunne vore betre kunngjort.
 

Publisert: 19. juni 2017, 07:10