Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stavgang langs Åsskardfjorden

Jon Olav Ørsal Fredag 16. juni 2017

Torsdag gikk vekas stavgangtur til Åsskard.  27 deltakarar sette kvarande i stemne og tok turen utover langs sørsida av Åsskardfjorden i retning Bølandet.

Her kunne kvar enkelt gå så langsom ein ville før ein snudde og tok på heimveg igjen, og så var det samling i området der utskipinga av sand foregår og avslutning med ein lang og god kaffepause før fol tok på heimveg.

Neste veke går stavgangturen til Nauståfossen, med oppmøte på Kårvatn på torsdag til vanleg tid.

Bildegalleri frå turen til Åsskardfjorden – alle bilder: Sigrun Ørsal

Først publisert: 16. juni 2017, 08:00 - Sist oppdatert: 15. juni 2017, 20:49