Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

To nyfødde todalingar

Jon Olav Ørsal Torsdag 22. juni 2017

Eit tjeldpar har bygd sitt reir og lagt to egg på ei grav på kyrkjegarden for nokre veker sia. Den ligg tett attmed eine porten, og det har nok vore mykje ufred i rugeperioden. Likevel er det i dag kome to nye og velskapte tjeld-ungar. Foreldra har passa godt på i dag, og vart litt «rabiat» når vi nærma oss.

Mora spela skadd for å lede oss bort frå reiret. Foto: Jon Olav Ørsal

Fekk eit par bilder av dei «nye todalingane», før vi trekte oss tilbake for å roe ned situasjonen.  Mora sprang omkring og prøva etter beste evne å spele at ho var skadd, men vart meir aggressiv når nokon nærma seg reiret.  Det er nok lurt å vise litt hensyn eit par dagar, til dei får samla såpass krefter at dei blir med foreldra ut i den store verda.

Kanskje dei burde få namn også?  Kjell er vel oppbruka tidlegare, så vi kjem med forslag på Anders og Kristen? 

Publisert: 22. juni 2017, 18:41