Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

I dag gikk Hønhalsen

Jon Olav Ørsal Sundag 18. juni 2017

Kvar vår på denne tida, er tusenkroners-spørsmålet når Hønhalsen kjem til å gå av.  Når Hønhalsen er gått av er det nemleg «lov» til å bade i elva eller i sjøen. Da er snøsmeltinga komen så langt i fjellet, at temperaturen på vatnet er akseptabel som badetemperatur.

Først ute med melding om «nyheita»  Synnøve hole Talgø, som var på tråden i 10-tida, men fleire har rapportert utover dagen.  No har vi altså fått teke eit bilete, som dokumenterer saken slik at det ikkje er tvil. Datoen i år vart altså den 18. juni.  Det er litt tidlegare enn i fjor, da datoen var 1. juli

Publisert: 18. juni 2017, 19:52