Reine klondykestemninga i natt og i morgontimane
Tidleg på føremiddagen torsdag nærma fangstrapportane seg 10-talet med laksar som er komne på land i Toåa. Rekorden i år er det framleis Frank Haugrim som har med den 8,5 kgs laksen han tok berre minutter etter at laksefisket starta. I morgontimane i dag tok han like godt laks nr 2 som og var ein fin fisk på 5,5 kg – også den teken på flue i Hagan ved Bruset. det er ikkje rart anna enn at stemninga var god da vi besøkte Todalshytta i føremiddag.