Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Travel rundtur på Nordmøre – no er det valkamp

Jon Olav Ørsal Onsdag 9. august 2017

Det er berre ein månad att til Stortingsvalet og no tetnar nok valkampen til fram mot valdagen 11. september. Tysdag var det Arbeidarpartiet som gjorde framstøt og fekk drahjelp av partisekretær Kjersti Stavseng, som besøkte Nordmøre saman med APs 3. kandidat Tove Lise Torve og 4. kandidat Roger Osen i tillegg til valkampmedarbeidar Arne Grødal og med Lilly Gunn Nyheim som «reiseleiar».

Surnadal og Sunndal kommunar burde vore slege saman hevda Terje Talgø. Her saman med partisekretær Kjersti Stenseng og stortingskandidatane Roger Osen og Tove-Lise Torve. Foto: Jon Olav Ørsal

I tillegg var det sjølvsagt eit haleslep med lokale politikarar og pressefolk som deltok på hele eller deler av rundturen på Nordmøre. Rundturen starta i Kristiansund og gikk via Halsa til Surnadal, der det var stopp på Surnadal Transport, der og PipeLife deltok. Her var sjølvsagt FV65 og samferdsel eit av dei sentrale tema. 

Terje Talgø orienterte om utbyggjingsplanene på Talgø MøreTre. Foto: Jon Olav Ørsal

Vidare bar det til Talgø MøreTre, der Terje Talgø orienterte om historiske utviklinga i Talgøkonsernet og om utbyggingsplanene.  Talgø MøreTre satsar nemleg 120 millionar på utbygging og modernisering av bedrifta dei 3 komande åra. På møtet hos Møretre deltok også Karin Halle som er dagleg leiar i Surnadal hamneterminal og tema for møtet her var sjølvsagt samferdsel og sjøvegs transport med fokus på miljø.

Reisefølgjet fortsette til gardsbesøk på Nordvik, der det var møte med bondelaga både lokalt og regionalt, i tillegg til folk frå Tine og banken som orienterte om kva det blir jobba aktivt med i jordbruket. Her var det også tid for kulturelle innslag, der bl.a. 5 år gamle Dennis Haltli Saksen framførte «E slåttatæja» saman med Inge Bævre.

5 år gamle Dennis Haltli Saksen framførte «E slåttatæja» saman med Inge Bævre og gjorde suksess med det. Foto: Arne Grødahl.

Så bar det vidare over med ferga der det var tid for oppsummering av turen så langt og sjølvsagt var tverrfjordleg forbindelse og 40 års nedbetalingstid på ferjeavløysingsprosjektet var sentralt tema. Det vart også tid til å treffe Sunndalspolitikarar i Ålvundfjorden før turen gikk vidare til flyplassen for sekretær Stavseng med følgje. 

Kulturinnslag under gardsbesøket på Nordvik – Svein Håvard Saksen og Inge Bævre. Foto: Arne Grødahl

Kaffepause på Nordvik – samling rundt langbordet foto: Arne Grødahl

   

 

 

Publisert: 9. august 2017, 09:18