Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Det lakkar mot sesongslutt

Jon Olav Ørsal Fredag 11. august 2017

Sommaren er kort og hektisk når ein tenkjer på beiteseongen i fjellet, og på tampen av sesongen er det alltid spennande å dra på tilsyn. På gårdagens trimtur trefte vi Per Åke Jakobsson på tur ned frå tilsynstur i området ved Sula.  Per Åke har over 300 sauer i området, som han jevnlig fører tilsyn med. Torsdag var også sonen Nils Erik og hundane Gaisa og Sita med på turen.

Tilsaman har Per Åke Jacobsson over 300 dyr på fjellbeite – kopplamma er samla på Hjellnessetra der dei har sin eigen foringsautomat. Foto. Jon Olav Ørsal

Per Åke har satsa på gammelnorsk spel og har hatt forholdsvis små tap dei siste åra, men jervens herjing i saueflokkane hører vi stadig om.  under dagens tilsynstur vart dei aller fleste dyra observert, sjølv som tåka gjorde observasjonane litt vanskeleg.  Heldigvis såg vi nesten alle sammen sa Nils Erik som også fortalte at dei hadde vore innom Hjellnessætra med ein godbit til kopplamma som går der. 

Utsit frå Lia og ned mot Hjellnes – Her serv i nestua, medan vi skimtar Oppistuafjøset lengst til høgre. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 11. august 2017, 09:57