Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Tømmer septiktanken annakvart år

Jon Olav Ørsal Torsdag 10. august 2017

For eit par veker sia kom det varsel om tømming av septiktanken, med link til heimesida og kart over området. Denne veka har det pågått tømming av septiktankane rundt omkring i bygda. Norva24 Vest heiter firmaet som driv septiktømming, og har base i Stryn. No er det 2 år sia sist dei var her i same ærend. 

Septik24 har fått nytt namn og dekor på bilane – no er det Norva24, avd Vest. Foto. Jon Olav Ørsal

Vi kjenner att bilane og folket, men firmaet har fått nytt namn. – Vi har vorte kjøpt opp, og er no ein del av Skandinavias største selskap i septikbransjen.  Men firmaet som har base i Stryn er det same, berre at dei no har svenske eigarar og er ein del av ein større organisasjon. No skal dei altså ta rundturen rundt heile bygda før dei gir seg. 

Publisert: 10. august 2017, 08:37