Ny jaktsesong: – Klart for oppskyting
Søya og Todalen skytterlag startar oppskyting til jakta – første skytekveld er måndag 19. juni på skytebanen i Ranheimsvingen. Der er det open bane frå kl 18 til kl 20.
Vi fann 7096 artiklar i dette arkivet.
Søya og Todalen skytterlag startar oppskyting til jakta – første skytekveld er måndag 19. juni på skytebanen i Ranheimsvingen. Der er det open bane frå kl 18 til kl 20.
Søndag 11. juni kl.18:15 (like etter kioskåpe) blir det sommarsjakk i Kaffekroken ved Matkroken i Todalen – Både gamle og nye deltakarar er velkomne til å bli med.
På Todalen kyrkjegard var det uvanleg stor arbeidsstyrka som var engasjert i plenklipp. Det er minimalt med mannskap sommars tid, og kyrkjekontoret har oppfordra sokneråda om å hjelpe til litt med plenklipping i sommar, fortel Kristen Bruset som sitt i Todalen sokneråd.
Du verden for ein kulturkveld vi fikk i Ungdomshuset torsdag kveld. Det var nok mange som hadde store forventningar til Raus 2017-konserten, og det er alltid stas når du oppnår å få meir enn forventa på slike arrangement. Og arrangementet var eigentleg heilt unikt, for det er lenge mellom kvar gong du kan ta del i ei mønstring, der eit 10-tal profesjonelle underhaldarar kappast om å underhalde deg frå scena. Litt artig var det også at Jo Sverre Sande, fra Rindal, deltok på låtskrivarseminaret som einaste lokale deltakar.
Torsdag var stavganggruppa på tur til Kvenndalen. Med biltransport etter bomvegen inn til gapahuken var det ei flott utgangspunkt for spaserturar i fleire retningar, og den enkelt kunne legge stavgangeturen etter ønskeleg nivå. Rundt 60 deltakarar er vel nærast rekord og iallfall årsbeste skulle vi tru.
Torsdag var det premieredag for årets siloslått – aller først ute trur vi Utigarden på Kvennset var, men torsdag kveld fanga vi inn Odd Harald Talgø i full gang med slåmaskina i Husbytrøå. Odd Harald er «slåttakar» i Pestua, og da vi trefte han fortalte han at han hadde slege mellom 170 og 180 mål denne […]
Det var god stemning da Rehab og Dagsentret arrangerte Onnadag på Bårdshaugen for 4. året på rad. Den store terrassen var fylt med brukarar, pårørande og venner og kjente som hadde lagt turen innom for å sjå kva som foregikk.
Det har vi, og det var ei kjempestor furu på 9-10 m3 som stod oppi Talgø-lia. Søndag kan du bli med Todalen ILs trimgruppe for å sjå på restane av denne store furua. Da er det oppstart kl 13.00 ved reiskapshuset på Talgø Gård så blir det guida tur med Anita Talgø som kjentmann.
I kveld er det klart for årets RAUS-konsert i Todalen Ungdomshus. Dørene åpnes klokka 18, og konserten startar klokka 19.
Jan Nordvik og Vidar Sogge har tilsyn med Hermannhytta som er en hytte til Den Norske Turistforening (DNT), noe som medfører maling, vedhogging og rundvask blant annet.
Lagseriestemna i friidrett er komne godt i gang – no blir det lagseriestemne for store og små kvar tysdag fram til ferien. Det er start kl 18.00 og dersom du vil kan du prøve på idrettsmerket på slike kveldar.
Barnehagen opnar utstilling i «Skulstuå» fredag 9/6 kl 14, og held ope til kl 16 på ettermiddagen. Dei håper at mange tek turen innom for å sjå noko av det som barnehagebarna har måla og teikna i løpet av våren. I vinter har barnehagen vore så heldige å fått sett utstillingar med Sissel H. Storslett og Reidar Østvik, og dei vart inspirert til å laga si eiga utstilling.