Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Skikkeleg respons på Nordvik-historia

Jon Olav Ørsal Sundag 27. august 2017

Stangvik historielag fikk skikkeleg respons på sitt arrangement med historisk vandring på Nordvik, der mellom 50 og 60 deltakarar stilte opp søndag føremiddag.  Det var oppmøte i tunet i Nistua, der vi fikk førstehands innføring i historia om Nordvik meieri, Nordvik smørlag og om Postens historie på Nordvik.  Alt dette er borte no, men minnet lever vidare og minnet er det viktig å ta vare på.

Det var Anna Ingeborg Nordvik som ønska velkomen til historisk vandring på Nordvik i regi av Stangvik historielag, og det var ein godt førebudd gjeng som i tur og orden skulle presentere Nordvik-historia for dei lydhøre historieinteressert frå både Nordvik, Todalen, Surnadal og andre plassar. Først ute var Torunn Nordvik som fortale om Postens historie på Nordvik, det starten var som brevhus først på 1900-talet og til slutten i 1970 da statusen var postopneri og rakk så vidt å få eige postnummer 6643 Nordvikstranda. 

Anna Ingeborg Nordvik ønska velkomen på vegne av Stangvik historielag, medan Oddvar Mikkelsen fortalte om meieridrift og mykje anna i gamal tid. Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

Oddvar Mikkelsen var nestemann ut – han starta med å orientere om Nordvik i riktig gammel tid, da gardane låg i eit klyngetun i området rundt Nistua. Seinare vart dette litt meir spredd og stort sett slik som dei er lokaliserte i dag. Oddvar tok for seg Norvik meieri og Nordvik smørlag – først ute var meieriet som var i drift frå 1893 og fram til 1918 – seinare vart Nordvik smørlag organisert, dei heldt det gåande fram til 1948.  Det var nok slett ikkje enkelt å drive slik verksemt i mellomkrigstida og under 2 verdskrigar, men hsitoria fortel at det i 1937 vart produsert 6 tonn smør og at ein del av dette vart eksportert gjennom eit firma. Seinare vart mjølka levert til Todalen meieri etter kvart som det kom i gang transport dit. meieriet var lokalisert til Myrvoll, som i dag er bustadhus, og smørlaget dreiv i kjellaren på Hagavollen.

Vandringa gikk vidare frå Nistua opp til vegen, der det vart informert om nye og gamle vegtraseer og om badstudrifta på Nordvik. Badstua var i drift etter krigen og var bygd på dugnad. Det var i ei tid da det vart bygd mange bastuer, og laurdagane vart fast bastudag. Damene disponerte badstua ført på ettermiddagen og karane sist på dagen og utover kvelden. badstua var i drift til ei stund utpå midten av 50-talet da Aura-krafta kom til Nordvik. Da var det etter kvart bygd private bad og behovet opphørte etter kvart. Den gamle badstubygninga vart selt, og hamna ved Nordviksetra som hytte. Livet på Nordvikgarden vart også påvirka av vegbygginga.  På slutten av 1960-talet var vegen gjennom Nordvik retta opp og vegtraseen hamna der den ligg i dag. 

Kristoffer og Torunn Norvik fortalte om Gammelbua, Nordvik kai og Nordvik sag – menge minner frå gamal tid, medan Erling Myrbostad lyttar interessert. Foto. Driva/Jon Olav Ørsal

Historievandringa gjekk vidare innover langs sjøkanten – først var det stopp ved Gammelbua, der Johan Gjeldnes starta med handel i 1899 – seinare var Per Gjeldnes butikkdrivar og ekspeditør for dampen som la til på kaia ved butikken. Butikken vart driven har av Per Gjeldnes og seinare Paul og Bjørg Gjeldnes som flytta butikken til Elvetun i 1969. Butikken var eit samlingspunkt og det vart ofte seine kveldar. Kundegrunnlaget for butikken var frå Åsbøen til Hjellnes og delvis fra Drøppingstranda.

Dampskipskaia låg også ved butikken. I dag er det berre ein haug med stein og grus att, men den første kaia vart bygd i 1916 og seinare oppgradert i 1938. Kaia var bygd i tre, og derfor ganske sårbar med tanke på sjøis.  Etter moderniseringa var kaia i drift til 1954, da dampen vart lagt ned og med lite vedlikehald etter den tid gjorde sjøisen ein ende på kaia i 1959. Da var kaiehuset solgt og inntekta gikk til forsamlingshuset.

Vi fortsette innover mot Sagavoll, der Nordvik sag låg. Sagbruket var drive av eit vasshjul med vatn frå Sagelva. Her har det vore sagbruk heilt frå Hollendertida og fram til 50-60-talet, med eletrisk drift frå 1954, da Aurakrafta kom. I dag er det berre ein sementstuss i fjøra som minner om sagbruksdrifta til Nordvik sagbruk.  Heilt til slutt var det revfarmen på Sagavoll som vart presentert. Her var det drive med rev fram til 2014, da revfarmen til Olmod og Torgunn Nordvik vart lagt ned. Nordvik Revegård gjorde seg bemerket med skinn av veldig god kvalitet, og var landets eldste revefarm med kontinuerleg drift da den vart lagt ned i 2014/2015 – etter 88 års drift.

Til slutt var det samling i Nordvik forsamlingshus, der det sjølvsagt var storstila traktering etter beste Nordvik-tradisjon. Her var det også laga ei utstilling med mange gamle bilder frå dei stadane vi hadde vore innom på dagens kulturvandring, som ei verdig avslutning på ein interessant, triveleg og lærerik dag på Nordvik. 

Bildegalleri frå den historiske vandringa på Nordvik  – alle foto: Driva/Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 27. august 2017, 16:26