Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Samla gener i rekordfart

Jon Olav Ørsal Laurdag 9. september 2017

Fredag kveld var ein gjeng frå Todalen elveeigarlag ute på stamlaksfiske, og denne kvelden gjorde dei eit skikkeleg scoop og samla inn heile 19 laksar til avlsarbeidet. Stamlaksfiske foregikk i Øvre- og Nedre hølen nedafor Brusetnesset.

Her blir laksen plassert i stamlakskassen. Etterpå vart laksane frakta i tankar til Stamlakshuset ved Bjøråa. Foto: Jon Olav Ørsal

Alle laksane som var i størrelse mellom 1 og 10 kg skal det no takast genprøver frå, og desse skal sendast inn til testing. Dei laksane som det er oppdrettsgener i vil da bli avliva, medan dei som er «ekte todalingar» blir med vidare. Da skal det velges ut 5 par som tek skal takast rogn og mjølke frå, før dei settes ut i Toåa igjen.

Dette var eit veldig vellukka stamlaksfiske, seier leiar i Todalen elveeigarlag Ola Bruset. Det vart eit godt utval både i størrelse og kjønn – med vekt frå 1 og oppover til dei største på rundt 10 kg for både hann- og hofisk. Vi bør ha såpass som 5 par å velge i, slik at vi får stor nok spredning på genene. Men normalt innslag av oppdrettslag burde stamlaksfisket være ferdig for i år, seier Bruset.

Laksen er komen i stamlakskassen – Ola får i hjelpande hand frå Martine. Foto: Jon Olav Ørsal

Dei to dykkarane – Ole Martin Øyen og Lars Kristian Kvande får assistanse med garnet frå Dan Roger Pedersen og Harald Myrås. Foto: Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 9. september 2017, 09:38