Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Med KBK over fjellet til Todalen

Jon Olav Ørsal Onsdag 30. august 2017

Tysdag var eit 40-tal fotballentusiaster deltakarar på KBKs næringslivsmarsj frå Innerdalen til Todalen. Turen starta frå Nerdalen på morgonkvisten, og gikk først til Innerdalen, og vidare over Bjøråskaret og over til Todalen, der Talgø inviterte til festleg samvære på Gammelfabrikken.

Næringslivsturen vart til på initiativ frå leiinga i KBK, med dagleg leiar Kjetil Thorsen. Det kosta nemleg ein bra sum å få lov til å delta på denne turen, og totalt har Thorsen & Co samla inn rundt 1,2 mill. på slike sponsoravtalar denne sesongen. Det har sjølvsagt tilknyting til KBKs inntreden i fotballens eliteserie. Lokalt har Talgø markert seg med sponsing og leveransar av MøreRoyal terrasse og til Slatlem Corner som har vore ein suksess.

Nok om det, tysdag gikk iallfall næringslivturen av stabelen. Frå morgonen var det tungt skydekke og dermed tjukk tåke i Bjøråskaret som ligg på 1174 meter.  Men nærmest før dei rakk å starte på turen, så letta tåka og det vart ein strålande dag på turen til Innerdalen og vidare opp til Bjøråskaret.

Der fekk turfølget ei overrasking. Rådmann Knut Haugen og varaordfører Helge Røv hadde installert seg der med ein stor velkomstplakat og servering av forfriskninger. Det var nok godt å fylle på litt energi før turen gikk vidare etter turistlinja mot Todalen.  Ved Tristeinan var det ny påfyll, der kommunalsjef Karin Halle og følge serverte kaffe frå svartkjelen til heile gjengen før siste etappen ned til Todalen starta.

Turfølget er komen ned til sandbakken ved Dalavegen, og fortsette til fots til gammelfabrikken. Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

Her tok Talgø mot gjengen på Gammelfabrikken, og det var transport ned til TILs klubbhus på Bordholmen, der vart var høve til å dusje og skifte etter turen.  Så bar det til Gammelfabrikken der konsernsjef Terje Talgø ønska velkomen, og fortalte litt om historia til familiebedrifta Talgø. Vårsøg hotell hadde sørga for grillmat og trektering av både turgjengen og andre inviterte gjestar – til saman rundt 80 i talet var benka rundt borda.

Triveleg stund i peisestua på Gammelfabrikken – her sørga Vårsøg Hotell for grillmat til heile gjengen – og det vart litt underhaldning. Foto: Driva/Jon Olav Ørsal.

Marketingsjef i Talgø orienterte om det gode sponsorsamarbeide som Talgø har hatt med KBK og ønska gjestane velkomne, for ho overlet ordet til Kjetil Thorsen.  Thorsen fortalte at han var i Todalen for første gong før jul i fjor og var imponert over det han har fått oppleve i Todalen sia den gongen og dei fruktene som har kome etter samarbeidet dette året. Han fortalte at det nye sponsorsamarbeidet på «indre» hadde knytt mange sterke band. Som eit synleg bevis for kor takknemleg KBK er for det gode samarbeidet overrekte Thorsen ei innramma drakt til konsernsjef Terje Talgø – liknande gåve vart også Lars Løseth i Amfi til del som honnør for mangeårig sponsorsamarbeid.

Ellers helsa styreleiar i KBK, Finn Backer, til forsamlinga – og bilhandlar Anton Slatlem fekk æra av å takke for maten. Den kulturelle biten var det «Gøy på landet» som stod for – Svein Håvard Saksen og Torbjørn Kvande som prompte fikk tilbud om spillejobb på KBK stadion av Slatlem.

Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

Først publisert: 30. august 2017, 08:48 - Sist oppdatert: 31. august 2017, 07:08