Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Drog til Smøla med 2 fulle busslastar

Jon Olav Ørsal Fredag 1. september 2017

Sist torsdag samla Surnadal Røde Kors to stappfulle busser og la ut på tur til Veiholmen på Smøla. Kvart år sia 1992 har Surnadal Røde kors arrangert slike turar, eit sosialt tiltak for eldre og uføre som har vorte ein tradisjon som folk gler seg til.  Nikoline Gridsvåg som har organisert turen og er reiseleiar har vore med sia starten, og gliser når ho seier at no har vi vore alle plassar som det går an å reise til på dagstur med buss. I år er det mange som har gledd seg i lang tid, og det er stadig fleire som vil være med seier ho. – 104 påmeldte viser at interessen er stor, og neste år må vi kanskje ha 3 bussar?
Surnadal Røde Kors har to avdelingar – omsorgsavdelinga og hjelpekorpset. Dette turopplegget er det omsorgsavdelinga som driv med, fortel Reidar Brøske, som er leiar i Surnadal Røde Kors. Turen til Smøla kosta kr 400 for kvar deltakar, og dekkjer både reise, ferjebillettar og mat. Det er nok ein subsidiert pris, som er støtta både av Surnadal Røde Kors og Norges Røde Kors. I tillegg har vi fått all mat og drikke til turen med Rema1000 i Surnadal, fortel Brøske. Presis kl 9.30 startar bussane frå busshaldeplassen på Skei. På turen utover orienterer Reidar om turen og opplegget, og fortel at dei har med fleire hjelparar som er lett å sjå med sine raude vestar. Om bord på bussen har dei og med mat og kaffe på vegen, men middag skal det bli på Gurisenteret, på veg heimatt.

Turen går via Halsa og til Hendset ferjekai, og vidare til Aresvik og gjennom Foldfjorden til Tustna, og ferjeleiet på Sandvika. Her har vi god tid til ferga, og det blir tid for dagens første kafferast med kaffe og rundstykke som vi har med. Herifrå går ferga over til Edøy på Smøla – ein tur som tek om lag 20 minutt.
På Edøy fekk vi om bord to «innfødde guidar» – Svein Rangnes og Karle Gjernes på kvar sin buss. Begge stilte med god lokalkunnskap, og framifrå forteljarevne. – Dei to Smølapatriotane tok oss med på ein veldig interessant rundtur på Smøla. Den inkluderte ein tur innom vindparken, – og ein lynvisitt på Veiholmen.
Vindmølleparken på Smøla har til saman 68 vindturbinar, og produserer nok straum til 18.000 husstandar. Den nyttar ut all kapasiteten i straumnettet til å føre straumen til fastlandet. Det er dimensjonar på vindmøllene – vingane har ein diameter på rundt 80 meter.

nteressant besøk på vindmølleparken. Foto: Jon Olav Ørsal

Vindparken har i dag stor betydning for kommunen, som her gir rundt 10 kompetansearbeidsplassar, og bidreg med rundt kr 10 mill. i året i eigedomsskatt. – Det var ein del motstand mot vindmøllene i starten, men no ser alle nytten og kor viktige dei er for Smøla, og protestane har stilna. Smøla kommune har 2200 innbyggjarar – som er ei halvering sia 1960. Det seier litt om endringar næringsliv, som no er sterkt prega av oppdrett og havbruk – i tillegg til satsing på turisme, medan tradisjonelt fiskeri har gått tilbake.
På Hopen var vi innom for å sjå det nye butikksenteret. Der er også nyskulen lokalisert – den kosta 150 mill., og erstattar dei 5 gamle skulane på Smøla som no er nedlagt på grunn av små barnekull. På Hopen er også fleirbrukshall og kommuneadministrasjonen er lokalisert her.
Det endelege målet var imidlertid Veiholmen. Det er i dag eit livskraftig fiskevær, med rundt 300 innbyggjarar, og som fekk veg hit i 1977. No er det stor satsing på turisme, som den store vekstnæringa. Hundrevis av nye senger er alt på plass.

På Gurisenteret var det fotografering og middag – da smakte det med lapskaus. Foto: Jon Olav Ørsal

Før vi starta på tilbaketuren var det ny kafferast og ein liten matbit. På tilbaketuren køyrte vi rett over Smøla, der vi passerte Ny Jord. Her skjedde den store satsinga på jordbruk som vart gjort i mellomkrigstida, og i dag betyr grønsakproduksjon og kjøttproduksjon (utegangarsau) mest for jordbruket på Smøla. I dag er det nemleg berre 4 mjølkeprodusentar att her. Men her er det enno mulegheiter – det er enno 30.000 dekar med myrjord som er egna til dyrking på Smøla.
Da vi kom til Gurisenteret var det tid for å ta avskjed med guidane og for fotografering av reisefølgjet i amfiet. Deretter vart det servering av middag. – Det var litt av ei lapskausgryte dei diska opp med på kaféen – det er nok ikkje kvar dag dei har over hundre svoltne surndalingar til bords. Men det gjekk godt, og så var det berre å få bussane ombord i BF Edøyfjord for å ta på heimveg og vi tok avskjed med Smøla og snudde nasen heimover.

Stor givarglede – på heimturen vart det samla inn 7247 kroner til vassredningsprosjektet som no har starta. Janne Husby loppar Eli Moen og Bjørg Gulla for nokre kroner. Foto: Jon Olav Ørsal

 

Satsar på vassredning.
Siste nytt for Surnadal Røde Kors er at dei no skal satse på vassredning. Det er stadig meir turisttrafikk i Trollheimen, og til sjøs, og det finnes ikkje egna redningsutstyr og kompetanse i kommunen, fortel Reidar Brøske. Seinast i fjor haust var vi involvert i livredning på Surnadalsfjorden med positivt resultat, og vi går no til investering i ein egna redningsbåt og startar med opplæring i bruk av den. Dette er kostbart utstyr, men vi har alt i dag fått signal om støtte til prosjektet og kjører no på for fullt med innsamlingsaksjon, fortel Brøske vidare, og røper at Surnadal Røde Kors har eit godt samarbeid med både politi og helsevesen om dette prosjektet. Men Brøske er ikkje heilt nøgd med dei sentrale myndigheitene på dette området. – Dei snakkar fint om frivilligheit, seier han, men dei er ikkje særleg villige til å støtte økonomisk. 
På bussturen til Smøla starta innsamlingsaksjonen, og Brøske er imponert over at dei hundre turdeltakarane bidrog med heile 7.247 kroner – ein god start som viser at det er stor givarglede til eit slikt prosjekt, seier Brøske til slutt.

Nedafor finn du eit bildegalleri, med bildeglimt frå turen.  Alle foto: Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 1. september 2017, 20:21