California: Mista heimen sin i branninferno…
Nyheitssendingar frå California som har nådd oss har vore prega av store skogbrannar i Napa-regionen, og området rundt byen Santa Rosa der brannen har hatt katastrofal utvikling. Fleire tusen hus er brent ned det siste døgnet. Denne brannen har og vore katastrofal for Birgitte Kvendset og familien hennar, som i løpet av det siste døgnet har mista alt dei eig i denne brannen. – Men dei har klart å berge seg sjølve unna, og er no evakuert til eit trygt område, fortel søstera Line Kvendset til Todalen.no