Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stavgang til Søyådalen og Mellingsetra

Jon Olav Ørsal Torsdag 14. september 2017

Torsdag var det ny stavgangtur for Stavganggruppa. Turmålet denne gongen var Søyådalen og innover til Mellingsetra. Det var bilskyss eit godt stykke innover, og siste biten vart gjort unna til fots. Til sammen var det rundt 60 deltakarar, og det er nok mesta rekord. Det store deltakartalet kjem nok delvis av at omsorgsklassen på Surnadal Vidaregåande skule deltok på turen. Dei gjorde også denne gongen stor lykke med traktering av sjokoladekake til kaffen. 

Vidar Sogge hadde mykje å fortelje om bruken av Søyådalen. Foto: Sigrun Ørsal

På Mellingsetra tok Brit Melling i mot og orienterte om seterdrifta, og eller var det fleire «kompetansepersonar» med på turen og som bidrog med mykje informasjon om Søyådalen og bruken av området – i fleng kan vi nemne Oddvar Kvande, Vidar Sogge og Erling Myrbostad. 

Som vanleg hadde Sigrun Ørsal med seg kamera på turen, og ho har levert mange fine bilder til oss i redaksjonen.  ta ein kik på bildegalleriet nedafor!

Publisert: 14. september 2017, 16:38