Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Gje di stemme, og vær med og bestem…..

Jon Olav Ørsal Måndag 11. september 2017

Søndag og måndag er det stortingsval i Noreg.  Da er det viktig at du brukar stemmeretten din, for akkurat di stemme kan være avgjerande for resultatet av valet.  Vi skal ikkje legge oss borti kva parti du skal stemme på, vi berre oppfordrar deg til å møte og gi di stemme.  I Todalen er vallokalet ope frå kl 12:00 til 20:00

I Surnadal kommune er det 2-dager val, men søndag er det berre på kulturhuset at det er ope, og der alle med stemmerett frå alle kretsane gje si stemme. I år er det online elektronisk avkryssing i manntalet, og du kan difor stemme på kva stemmestad du vil.

Stemmelokala i dei einskilde krinsane er opne til følgjande tider:

Nedre Surnadal krins: Stemmestad: Surnadal Kulturhus
søndag 10. september – kl 14.00 – 19.00
måndag 11. september – kl 10.00 – 20.00

Desse stemmestadene er opne måndag 11. september kl 12.00 – 20.00:
Mo krins – Mo skule
Bæverfjord krins – Bæverfjord skule
Bøfjorden krins – Bøfjorden barnehage
Stangvik krins – Stangvik skule
Todalen krins – Todalen skule

Og til slutt – ta med valkortet du har fått tilsendt. Det gjer det enklare i vallokalet og det blir mindre ventetid.

Publisert: 11. september 2017, 05:00