Totalforbud mot open eld inntil vidare
Det er stor skogbrannfare i det meste av landet, og brannsjefane i Nordmøre og Romsdal innfører difor eit midlertidig totalforbud mot bruk av open eld utadørs. Det har vore minimalt med nedbør i mai månad, og det er tørt både i skog og mark. Brannfaren er overhengande og difor kjem no forbudet.