Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Putt ein tiger på tanken….

Jon Olav Ørsal Sundag 20. mai 2018

Putt ein tiger på tanken var slagordet til eit av oljeselskapa i gamle dagar.  Det var nok ikkje så enkelt, men det var eit godt slagord som vart lagt merke til.  I dag, på 1. pinsedag, var det fylling av drivstofftankane til HalsOil på Kvennset.  Var det eit resultat av dårleg planlegging, eller?

Rune Mogstad er klar til å fylle tankane på HalsOil – Foto: Jon Olav Ørsal

Vi stoppa for å slå av eit prat med dei to som ståoka med tapping av drivstoff frå tankbilen og over til dei underjordiske tankane. Da fikk vi forklaringa på kva som hadde skjedd.  Målaren på bensintanken var defekt, og dermed hadde HalsOil gått tom for bensin på pinseaften. Da vart det straks krisestemning, fortale Terje Nordvik som er innehavar, men det løyste seg ganske fort når han fikk snakka med Rune Mogstad som er dagleg leiar i Midt-Norsk Olje. Han lova å kjøre til Trondheim grytidleg 1. pinsedag, for å hente eit lass med drivstoff til HalsOil.  I 5-tida om morgonen var han på tur nordover, og rundt 12-tida på 1. pinsedag var både bensin og diesel – til saman 17.000 liter komne i tankane på HalsOils anlegg i Todalen. Her kan vi snakke om service, skryter Terje uhemma.

Rune Mogstad hadde egentlig teke pinseferie når telefonen frå Terje kom, men han tykte at han ville hjelpe til med dette. Dermed vart det trondheimstur i staden for hyttetur, fortel Rune.  Han er som sagt dagleg leiar i firmaet Midt-Norsk Olje, og har i dag 9 tankbilar og 13-14 tilsette som jobbar med distribusjon av drivstoff rundt omkring i heile Midt-Norge. Firmaet har base i Røtet i Surnadal og har eige lager- og kontorbygg der 3 tilsette har sin arbeidsplass. Rune er som sagt dagleg leiar og eigar av selskapet, og seier sjølv at han egentlig er mest altmuligmann og reservesjåfør som kan steppe inn når det kniper. Rune skryter både av kona Merete og resten av dei tilsette – uten god innsats frå dem hadde dette aldri gått.

Det var fort gjort å tappe 17.000 liter med bensin og diesel over på tankane på HalsOil anlegg på Kvennset. Foto: Jon Olav Ørsal

Dette var litt interessant tykkjer vi og lurer litt på historia attafor denne verksemda, og rune fortel at han starta alt i 1992, da han kjøpte ein gammel tankbil som han reparerte sammen med faren Leiv, og satte i gang med å frakte drivstoff – først og fremst til kundar i jordbruk, entreprenører og private kunder. – Den gonen heitte firmaet Oljeservice Rune Mogstad.

Siden 90-talet har det berre vokse på.  I 2007 kom Kristiansund med, vidare kom Molde med i 2008 og da gikk han i kompaniskap med ein trønder, og dei danne Midt-Norsk Olje, som selskapet heiter enno i dag. Men voksteren fortsette og i 2014 kjøpte dei opp eit firma i Steinkjer, og i 2016 kjøpte Rune ut trønderen og vart eineeigar av firmaet.  Slik sitt han i dag med 9 bilar og 13-14 tilsette som no driftar selskapet.  Midt-Norsk olje har i dag ei årsomsetning på rundt 320 mill. – der  23 mill er transporttenester. Resten er salg av drivstoff og smøreoljer til kunder som er lokalisert rundt om kring i heile Midt-Norge. 

Så er lasten på 17.000 liter drivstoff kome i tankane på HalsOil og dermed er det klart for pinseferie for Rune Mogstad – og det er atter bensin på tankane hos HalsOil….

Etterpå var det sjølvsagt tid for kaffelag og løysing av verdsproblema. Foto: Jon Olav Ørsal

 

 

Publisert: 20. mai 2018, 14:20