Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalshytta: Ny sesong i emning……

Jon Olav Ørsal Sundag 27. mai 2018

I dag da vi passerte Todalshytta såg vi at det var full aktivitet med vindusvask, og da stoppa vi sjølvsagt og slo av ein prat. Det var drengen, Terje Kristiansen, som var i full gang med vindusvask på kjøkkenet.  Terje røpa at han har vært på hytta sia 17. mai, og har pusla med vaktmestertjenester dei siste par vekene – og det var ikkje vanskeleg å sjå.

Her var det både nyslått plen, fleire stablar med bjørkeved, nyolja hagemøblar og fint opparbeidde blomsterbed det løytnanthjerter blomsta om kapp med andre blomster. No i helga har det vore storstila vindusvask, og i tillegg rundtvask på heile hytta, så det kjem nok til å lukte grønnsåpe når resten av gjengen kjem om eit par veker.

Terje er ivrig laksefiskar, og gler seg til laksefisket startar den 15. juni.  Det er forlengt innbooket mange laksefiskarar som kjem for å få med seg starten på laksefisket i Toåa.  her er det både gamle kjent med det blir nok også nokre nye fjes som kjem for å være med på starten.  Men no er det først og fremst å få hytta i orden til sesongstarten som opptek Terje mest.

Gullende reint – Terje Kristiansen dreiv med glassvask og rundtvask da vi stakk innom Todalshytta. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 27. mai 2018, 12:40