Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Startar slåtten mot sin vilje

Jon Olav Ørsal Tysdag 29. mai 2018

Ola Kvendset er i gang med slåtten – han er først ute i år, men det er mot sin vilje fortel han.  – Må berre starte på no, for det er så tørt at graset minkar for kvar dag som går no.  Lite regn, men mykje sol og høg temperatur gjør at den tørkesvake jorda på Kvennset no tek skade av tørken.

Ola seier at han må slå no, medan graset er der.  På spørsmål om kor stor avling han klarer å berge i hus no, så antyder han at førsteslåtten bli på rund 2/3-deler av normalavling på førsteslåtten.  Graset er skadd på grunn av tørken no, og da minkar både volum og næringsinnhold dag for dag, og vi må berre kome i gang med slåtten no.

Avløysar Emil Thorp og Ola Kvendset klargjør utstyret for å starte slåtten tysdag ettermiddag. Foto: Jon Olav Ørsal

Så får vi berre håpe at tidleg slått kan være med og bidra til at vi får god 2. og 3.-slått iallfall.  I Viastua er det rundt 200 da som er utsett for tørke som no blir tidlegslått, og så får resten som står på fuktig jord stå litt til.  men ola ser iallfall det positive i at det er fine forhold for slåttearbeid, sjølv om det blir lita avling.  i formiddagstimane tysdag var Ola og avløysaren Emil Thorp opptekne med å rigge ballpressa for å starte innhaustinga.

Det går unna med slåmaskin som tek 3 meters bredde og kan operere i stor hastighet. Her er Emil Thorp i gang med slåmaskina. Foto: Jon Olav Ørsal

Må starte slåtten der jorda er tørkesvak – Ola Kvendset trur han får rundt 2/3 av normal avling under førsteslåtten i år. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 29. mai 2018, 11:50