Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 7174 artiklar i dette arkivet.


Plutselig var det laks på kroken

Jon Olav Ørsal Måndag 25. juni 2018

Ivar Borthen er veteran i Toåa – etter mange års laksefiske i Toåa kjenner han elva ut og inn, og veit kva han skal friste laksen med og kvar han står og ventar. I dag fikk han iallfall på land to laksar, ein på 4,1 kg og ein på 7,1 kg ved Lakssteinen.


Skyteprøve – start i kveld i Ranheimsvingen

Jon Olav Ørsal Måndag 25. juni 2018

Søya  og Todalen skytterlag melder at de no er i gang med skyteprøve til storviltjakta.  Første kveld med skyteprøve er i kveld, måndag 25. juni frå kl 18-20 på skytebanen i Ranheimsvingen.  neste måndag den 2. juli er det ikkje skyting, men frå måndag den 9. juli blir det skyting kvar måndag fram til og […]


Magne er klar for Todalsdagen

Jon Olav Ørsal Måndag 25. juni 2018

Magne Hansen har vore «fast inventar» som speaker på Todalsdagen ei årrekkje. Vi kjenner han frå midtbanen med den berømte klokka si, der han heldt kontroll med både start- og sluttider, og resultat.


Ikveld: Siste lagseriesstemne før ferien

Jon Olav Ørsal Måndag 25. juni 2018

Ski- og friidrettsgruppa minner om lagseriestemnet på Bordholmen måndag kveld kl 18.  Dette blir siste arrangement før  ferien, melder leiar i ski- og friidrettsgruppa Gunnar Nordvik


I kveld: Dugnad på Bordholmen

Jon Olav Ørsal Måndag 25. juni 2018

Fredag kveld blir det dugnad for å klargjere anlegget på Bordholmen til Todalsdagen laurdag. Det blir rydding og slåttearbeid – kort og godt alt som står att når fredagen kjem. Dugnaden startar kl 18, og vi held på til vi er ferdige.


Festivalen fylte marknadsgata

Jon Olav Ørsal Laurdag 23. juni 2018

Over tusen på konsert med Byting og Katastrofe snudde pessimisme til optimisme for laksefestivalen fredag kveld, da vêret vart betre enn meld og det var stor stemning ved hovudscena på torgplassen. Bra besøk var det også på marknadsgata utover laurdagen, og vi trur at folk kosa seg i det travle og litt kaotiske torgmiljøet i torggata.


Så vart det fiskarelv

Jon Olav Ørsal Fredag 22. juni 2018

Etter at laksefisket starta 15. juni har det vore elendige forhold for fiske – NVEs vassmålar ovafor Storfossen har vis ei vassføring helt ned til 2,5 m3/sek dei siste dagane, og det har vore nærast umuleg å fiske. Det siste døgnet har det imidlertid regna jevnt, og vassmålaren etter kvart gått rett til værs og hamna på rundt 16 m3/sek i ettermiddag.


Kald start på Laksefestivalen

Jon Olav Ørsal Fredag 22. juni 2018

Vêrgudane sørga for ein kald start på årets laksefestival, som starta torsdag kveld med familiearrangement ved Glønavatnet på Nordmarka. Torsdag opna marknadsgata med mange boder, der det vart tilbydd alt mellom himmel og jord. Det var in del folk i gatene mellom regnbygene, og det var fleire av utstillarane rapporterte bra sal på opningsdagen.


Nauståfossen var målet for dagens stavgangtur

Jon Olav Ørsal Torsdag 21. juni 2018

Siste stavgangtur før sommerferien gikk torsdag til Nauståfossen ved Kårvatn. 35 deltakarar var med på turen innover til Nauståfossen og tilbake igjen til Kårvatn. Etter eit par månader med finvêr var vêrgudane litt mer i ulage i dag, så kaffepausen etter vart arrangert i den flotte gapahuken til Todalen Idrettslag på Tjønnmyra.


I helga: Laksefestival med allsidig program

Jon Olav Ørsal Torsdag 21. juni 2018

Sjølv om det er laksen som står i sentrum denne helga, så kan Norsk Laksefestival by på eit allsidig program som kan friste dei alle. Du kan i grunne velge og vrake i aktivitetar både for deg sjølv og for heile familien. Det heile startar egentlig når Camp Villaks etableres ved Skeishølen torsdag ettermiddag, og sia går det slag i slag gjennom heile helga.


Til Talgøsetra med trimgruppa

Jon Olav Ørsal Torsdag 21. juni 2018

Våren er ei aktiv tid med mykje trimaktivitetar, og denne gongen var det Todalen idrettslags trimgruppe som hadde invitert til trimtur til Talgøsetra. Med start frå Sandbakkan gikk turen opp etter skogsvegen i Huslia, og opp til trimposten på Talgøsetra med 8 deltakarar inkludert vår utskremte.


I dag: Balldag på programmet

Jon Olav Ørsal Onsdag 20. juni 2018

Tysdag er balldag på Todalshytta – førstkomande tysdag (25. juni) er vi i gang med balldag igjen, fortel Jan Larsen og Terje Kristiansen som held koken på Todalshytta. Potetball er handverk, så vi har sikra oss Åse Øyen som gjestekokk med spisskompetanse på balldagene i sommar. Det blir servering frå kl 14 og så langt det rekker til kl. 17, kvar tysdag.