Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Tørketid: Det går mot full krise…

Jon Olav Ørsal Onsdag 18. juli 2018

Det går full krise i jordbruket på grunn av store tørkeskader.  I Todalen ser det ut til å være verst på Kvennset, der 2.-slåtten ser ut til å bli på 30 % av normal avling og knapt nok det, seier Ola Kvendset som drivar i Viastua.  – Eg må heilt sikker redusere med 10 – 15 dyr og kanskje meir.  Nå er håpet at vi får ein god 3.-slått, og regnet som kom i dag har faktisk vore til god hjelp.

Lite gras – mindre enn 30 % av normal 2.-slått. Foto: Jon Olav Ørsal

Det har faktisk ikkje vore normal nedbør dette året, og minimalt med nedbør har kome etter mars.  Høg temperatur dei siste par månadene har også ført til at det dannar seg lite dogg om natta. Ein ekstra byrde har også omfattande isbrannskade vore i år.  Medan førsteslåtten var mesta normal dei fleste plassane, så er altså 2.-slåtten nærast katastrofal. Som sagt må vi sette vår lit til 3.-slåtten, men den kan ikkje erstatte alt. Håpet no er at vi kan få kjøpt noko for, og mange plassar er det i år slege på områder som ikkje har vore i bruk dei siste åra.

Må nok slakte nokre dyr tidleg i år, så det blir nok i fortsettinga eit par år med underdekning. Må nok studere genene på dei dyra som blir att, slik at det ikkje skader avlsarbeidet for mykje.  Vi må iallfall snu alle steinar for å prøve å finne så gode løysingar som muleg – vi kan ikkje gi opp, seier Ola Kvendset.

Det er langt mellom siloballane på Kvennset. Foto: Jon Olav Ørsal

Det er klart at dette er fortvila, men det kjem alltid noko godt ut av det og. Vi får lære oss å nytte ut ressursane på ein god måte, og så får vi lære oss å samarbeide når det røyner på. Det har tross alt vore nokre gode år, og vi må nok rekne med noko variasjon. Vi får berre instille oss på at det blir litt sparebluss det komande året, seier Ola til slutt.

Publisert: 18. juli 2018, 19:07