Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Bra med laks i elva no

Jon Olav Ørsal Laurdag 7. juli 2018

Laksen Ethelbert står ved Brusetbrua. Foto: Jon Olav Ørsal

Det er egentlig bra med laks i elva, sjølv om det er lite laks som kjem på land, seier leiar i Todalen elveeigarlag Asbjørn Karlsen.  – Vi har i det siste lagt ned ein innsats for å sjekke korleis tilstandene er i elva, og det er overraskande kor mange laksar som står i hølane nedover elva.  Det var sjølvsagt variasjon frå høl til høl men jamt over bra, seier Karlsen til Todalen.no.

Men det er ikkje så mange laksane som er komne på land, men så er det da heller ikkje mange laksefiskarar, seier Karlsen.  Det rapporteres forresten at det er mykje laks som står i sjøen og ventar på større vassføring i elva, slik at dei kan gå opp.  – Det er kanskje eit lite håp søndag kveld, når yr.no melder regnbyger utover natt til måndag.  I skrivande stund er det ikkje meir enn 2 m3/sek ved målestasjonen ved Storfossen, og det er nok litt høg temperatur på vatnet i elva, og det gjer nok at laksen ikkje er bitevillig.

Publisert: 7. juli 2018, 22:50