Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Triveleg konsert med Nordgarden

Jon Olav Ørsal Måndag 16. juli 2018

Laurdag samla Terje Nordgarden troppene til konsert på Todalshytta – sist han var her var i 2016, og vi tykkjer det er artig at Terje tok seg tid til ein todalstur midt i travlaste ferietida.  Nordgarden kom direkte frå Italia og han hadde familien med til Todalen denne gongen. 

Konserten vart ein intim og flott oppleving for dei som tok turen til Todalshytta, og med litt grillkos i pausen vart arrangementet reint så triveleg for både publikum og arrangørar.  Elles kan vi nemne at Terje Nordgarden er plukka ut til å være med på konserten med ”Labelmates” i Royal Albert Hall i 2019.

Terje Nordgarden på scena framfor hovudinngangen. Foto: Elisabeth Aas

Drengen Terje og lille Maya Nordgarden sørga for sal av den nye CD’n. Foto: Elisabeth Aas

Det var intimt konsert og folk kosa seg denne fine sommarkvelden. Foto: Elisabeth Aas

Eric Malling ønska publikum velkomne til konsert med Terje Nordgarden. Foto: Elisabeth Aas

 

 

Publisert: 16. juli 2018, 16:43