Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Samla eit 70-tal til hagekonsert i arboretet

Jon Olav Ørsal Onsdag 11. juli 2018

Jo Ranheim og Karstein Mauset var godt nøgd med frammøtet på hagekonserten dei to hadde i hagen på Svinviks arboret. Litt spenning var det nok knytt til om vêret – det var nemleg litt truande, men i løpet av konserten vart det nokre få dråpar.  Karsten Mauset var også litt spent i forkant av konserten, både på om det kom folk og om korleis eit par nye melodiar kom til å bli mottekne.

Rundt 70 kom for å høre Jo og Karstein under konserten i Svinviks arborets hage. Foto: Jon Olav Ørsal

Da kan vi berre seie at alt gikk veldig bra, – det går faktisk betre enn ein trur som oftast.  Jo og Karstein starta med «I kveld», som er ei Perikomtekst og vidare gjennom konserten var det mykje Hyldbakk-tekster, men også innslag med tekster av Astrid Krogh Halse og Jørgen Gravvold.  I løpet av konserten var det faktisk ein verdspremiere, da «Venen» vart framført – ei tekst som var henta frå Dordi Skuggeviks bok – «Tante Borg»

Du fann ingen blome – eit flott innslag med Jo Ranheim på gitar og Torill Moe som gjesteartist i duett med Karstein Mauset. Foto. Jon Olav Ørsal

Den 15. og siste visa var «Du finn ingen blome» som og har tekst av Astrid Krogh Halse. Denne vart framført i duett med Karstein Mauset og Torill Moe, der Jo Ranheim akkompagnerte på gitar.  Det vart eit veldig flott innslag som fekk mykje applaus frå publikum.

Det vart ein fin kveld både for artistar og publikum i hagen på arboretet onsdag kveld. Foto: Jon Olav Ørsal

Hilde Staveli Solli hadde ei lita helsing til artistane etterpå. Foto: Jon Olav Ørsal

Travelt på kjøkkenet for Julie Nilsen og Sara Forslund som sørga for traktering frå kafeteriaen til publikum. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 11. juli 2018, 20:14