Laurdag kl 13: Demonstrasjon av gevirdømming
Øiving K. Veskje, som er JFF-autorisert gevirdommar har i dag hatt det travelt med å gå gjennom alle gevira som er komne inn. Det tek nemleg litt tid å vurdere kvar enkelt gevir og måle alle variasjonar og tagger. Laurdag kl 13.00 skal vi få demonstrert korleis dømminga går føre seg. Veskje vil da demonstrere dømming både av eit hjortegevir og eit elggevir.