Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Surnadal kulturhus – slik blir jul- og nyttårshelga

Steinar Hasselø Måndag 17. desember 2018

Det blir, naturleg nok, nokre avvik frå normalen på kulturhuset i og rundt høgtida. Sjølve kulturhuset stenger før jul på kvelden fredag 21. desember. Det er ope torsdag 27. og fredag 28. desember (kl. 1130–1930) og kjem i normal drift igjen frå 2. januar.

Folkebiblioteket
Surnadal folkebibliotek har ope til vanleg tid t.o.m. fredag 21. desember (kl. 11–15 på den dagen). Biblioteket blir ope i tida kl. 11–14 på dei to kvardagane i romjula (27. og 28.12). Tilgang til «meirope bibliotek» vil ikkje gjelde frå og med 21. desember til og med 1. januar, da sjølve kulturhuset er stengt eller har avvikande opningstider i den perioden. Onsdag 2. januar blir det både småbarnstreff, vanleg ope og «meirope».
Biblioteket sel også bygdebøkene for Surnadal. Skal du kjøpe ei av desse til jul frå biblioteket, må det altså skje seinast fredagen før.

Kinoen
Kinoen vil vise film til vanleg tid til og med torsdag 20. desember. Etter det vil det bli vist film på dagtid fredag 21., torsdag 27. og fredag 28. desember. Det vil vere lokal premiere på barnefilmane «Troll – Kongens hale» og «Mary Poppins vender tilbake» i romjula, mens filmane om Sonja Henie og Aquaman vil få premiere i den første helga på nyåret.

Publisert: 17. desember 2018, 05:53