Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

190-åring stod for fall

Jon Olav Ørsal Måndag 17. desember 2018

Måndag gjekk den siste storfurua i Svinvika overende. Det står nok mange store att enno, men ingen av dette kaliberet. Jon Bojer Godal var kunde og oppkjøpar, og den store furua skulle brukast til ny mast til jekta «Brødrene».  «Brødrene» hører til i Melbu, og er ei storjekt med plass til rundt 1100 tønner. Den var bygd på Rognan så seint som i 1987, og er ein tru kopi av den gamle jekta «Brødrene» som var bygd i Mellomverftet i Kristiansund i 1887. Den nye masta må være solid, for jekta «Brødrene» har eit segl som er på rundt 300 m2.  Den gamle jekta har ei lang historie i trafikken med tørrfisk langs kysten frå Nord-Norge til Bergen

Litt spennande var det nok – frå venstre Arne Gjeldnes, grunneigar Tore Svinvik, Jon Bojer Godal og Hallvard Heide. Foto: Jon Olav Ørsal

Den gamle masta var laga av gran, og var no moden for utskifting på grunn av råteskade.  Det var diskusjon om denne storfurua var stor nok, men Jon Bojer Godal meinte at den var det. Stor var derfor spenninga da arbeidet med å tilrettelegge for felling starta. Den store furua stod heilt attmed gammelvegen opp Kleiva, ca. 70 meter fra parkeringsplassen. Det var derfor ein overkommeleg jobb å frakte den ned til sjøen for henting med båt derfrå. Men det måtte ryddes litt rundt furua, og ein måtte sikre at ho fall så mjukt som mulig slik at ho ikkje vart skadd. Per E. Gjeldnes maskin var hyra inn med motorsag og gravemaskin for å utføre fellinga og transport ned til sjøen. Spenninga steg ytterlegare eit par hakk da Per starta motorsaga og laga felling, og starta på saginga. Inn med 3-4 blegger og så eit lite puff med gravemaskina – så gikk kjempa overende med eit brak.

Kor gamal var storfurua? Rundt 190 årringar vart det talt opp – furua spira nok på vegkanten her rundt 1830 – ein respektabel alder! Foto: Jon Olav Ørsal

 

Målt frå topp til tå var furua 34 meter lag – faktisk litt kortere enn forståsegpåarane som trudde ho var 38 meter. På 20 meter var ho 41 cm i diameter, og her var kravet minst 40 cm. Jon hadde tippa at den var rundt 200 år gamal – ved kontrollteljing viste årringane at den gamle storfurua var ca 190 år gamal og rundt 8,0 m3 i volum. Det er sikkert mange som lurar på kva som er prisen på ei slik stor furu, og den er nok verdt atskillig meir enn ei vanleg furu – ein må iallfall gange kubikkprisen med 3, og kanskje meir. Oppgjennom tida er todalsfurua nærast verdsberømt for størrelse og kvalitet. Det er utruleg mange båtar som har både mast og kjøltre herfra. Den mest kjente i nyare tid er nok Saga Siglar som fikk mast frå Todalen. No blir storfurua liggande i sjøkanten i påvente av sjøtransport vidare.

Bilder frå fellinga og transporten ned til sjøen – alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 17. desember 2018, 16:36