Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Romjulsmarsjen blir arrangert 4. juledag

Jon Olav Ørsal Sundag 16. desember 2018

Romjulsmarsjen er forlengst komen på terminlista til Todalen Idrettslag, og blir arrangert 4. juledag (28. desember). Som tidlegare år blir det gløggservering og loddsal ved Sandstadkrysset og ved Brusetkrysset, og sjølvsagt er det flotte deltakarmedaljer til alle, melder TILs trimgruppe.

Deltakartalet har nok variert litt med korleis vêr og føre har vore, men det har faktisk vore rundt 180 deltakarar på det meste (2015). Det store deltakartalet viser at det er eit arrangement som folk sett pris på, både for å kome ut og treffe folk og for å få litt mosjon etter fleire dagar med julemat, seier trimsjef Jorunn Nordvik i TIL. Kom og bli med 4. juledag!

Publisert: 16. desember 2018, 10:29