Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalingar feira adventstida på sydlegare breiddegradar

Jon Olav Ørsal Tysdag 11. desember 2018

Frå Edmund Talseth har vi fått bilde frå Gran Canaria, der han og kona Jenny har feriert dei siste vekene. Søndag var det samling på Norskplassen på øya, der det var friluftsgudsteneste i samarbeid mellom Sjømannskyrkja og Den norske klubben. Der trefte dei fleire todalingar som var ute i same ærend.

Det var Randi og Vidar Sogge som nytta finvêrsdagen til å delta på friluftsgudstenesta saman med 300 andre, som i hovudsak var nordmenn. Friluftsgudstenesta på Norskeplassen har vore tradisjon sia 2006, og det vart samla inn kollekt til Nabohjelpa denne søndagen.

Rundt 300 deltok i friluftsgudstenesta og gang rundt juletreet på Norskeplassen sist søndag. Ein palme gjorde nytte som juletre. Foto Edmund Talseth.

Litt uvanleg vart det nok for desse todalingane at det var song og gang rund palmane som vart bruka som juletre, men no sett dei nok nasen heimover for å feire jul på heimlege trakter.

Først publisert: 11. desember 2018, 16:57 - Sist oppdatert: 12. desember 2018, 08:25