Kvanne – Rykkjem: Fjord1 slit med å halde ruta
Rute 46 Kvanne – Rykkjem: På grunn av værforholdene må det påregnes noen forsinkelser i sambandet, melder Fjord1
Vi fann 7037 artiklar i dette arkivet.
Rute 46 Kvanne – Rykkjem: På grunn av værforholdene må det påregnes noen forsinkelser i sambandet, melder Fjord1
Denne veka er fleire av dei fremste låtskrivarane samla til seminar på Todalshytta. Dei starta søndag og held på til torsdag, og onsdag kveld byr deg på seg sjølve og inviterer til konsert på Gammelfabrikken. Det er egentlig eit heilt unikt tilbod, der du får høre 7-8 toppartistar som opptrer saman, eller kvar for seg i ein og same konsert. Sist det var RAUS-konsert på Gammelfabrikken i 2016 samla dei nærare 200 tilhøyrarar – det blir det kanskje i år og?
Vegarbeidet i Brusetmelan går sin gang – no er det full fart med flising av skogen både på øversida av vegen mot Hjellen, og den skogen som er felt på nersida av vegen mot elva, for å gje plass til vegarbeidet. Det er ein spesialbil frå Mesta som sørger for flisinga, og flisa går rett opp i ein kontainer som går til dyrestrø i området her.
I dag var det open brannstasjon i Todalen for å markere brannvernveka som også blir markert på stasjonen på Kvanne og ved hovudstasjonen i Røtet. Hovedbudskapet var sjølvsagt å forebyggje brann, og lære folk meir om korleis dei kan bidra til dette sjølve og korleis det lokale brannvernet i Todalen kan bidra.
At brøytestikkene kjem på plass er eit sikkert tegn på at ei ny årtid er i emning. I dag kunne vi observere at Rolf Ove Røv frå Teigans Maskinstasjon sørga for at nye brøytestikker kom på plass på fylkesvegane rundt heile bygda. – Når det attpå til er nysnø i Skjeringfjellet og Snøfjellet så er det iallfall ikkje tvil.
Yr.no har hatt mykje ekstremmeldingar dei siste dagane – ført var det stormen «Helene» som har herja rundt Stadt, og no er det «Knud» som er aktiv med både vind og regn på Sørlandskysten. Her på traktene er det meldt regn frå i dag fredag og meir eller mindre ut 10-dagersperioden. Spesielt blir det etter meldingane mykje regn frå fredag kveld og det komande døgnet – til saman kan i 24-timersperioden bli opp mot 40 mm.
Lørdag 29. september inviterer Svinviks arboret til frukthagedag fra kl 13.00 og utover. Frukthagen i arboretet er under restaurering, og arboretet inviterer til temadag med variert og interessant program for deg som er interessert i frukt- og fruktdyrking
Leiinga og mannskap i Surnadal Røde Kors viste i går fram den nye redningsbåten dei har skaffa seg. Det var ein stolt gjeng som kunne vise fram nyanskaffelsen til pressa. Båten er ein 17″ Buster, som er skikkeleg utstyrt for redningsoppdrag. Den har ekkolodd for å kunne følge med kor djupt det er, kartplottar og ikkje minst er båten utstyrt med ein kraftig motor og godt lys.
Etter en vindfull natt var vi spente på dagens tur til Betna. Dagen ble nå fin hverken vind eller regn. Heldige med både vær og at elever fra Helse- og oppvekst VK1 på Surnadal Vidaregåande skule ble med oss i dag også.
Tradisjonen tro kommer norske låtskrivere til bygda for å la seg inspirere og skrive. Noen gjengangere, og noen svært spennende og nye navn. Som erstatter for Amund Maarud kommer gitarfantomet på 21 år, Magnus Berg. – Han har allerede etablert seg i toppen av gitarhimmelen, og er spådd en internasjonal, lysende karriere på grunn av sitt blendende gitarspill.
Sikringsarbeidet på vegen gjennom Brusetmelan er kome langt – steinfyllinga er på plass og snart er det klart for å montere rekkverket. Det som står att er litt finpuss og opparbeiding av ei omkjørsel på kvar side og som sagt montering av rekkverk. I tillegg skal all skoger på oversida av vegen bort, og det blir oppgåva til Mestas skogsteam som da skal flise opp det meste.
Magasinet Framgang (tidligare kjent som Utpågang) kjem ut i dag, og du finn eit rykande ferskt eksemplar i postkassa di. Denne gong er hovedsakene om trav og rideklubbar i Surnadal og Sunndal, og vi møter framifrå ambassadørar for hestemiljøet i begge kommunane. – Møt også Lene Søyseth som har gjort lidenskapen til både livsstil og levebrød, og arbeider som hovslagar.