Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 7127 artiklar i dette arkivet.


Krafttak for utbetring av orgelet i Todalen kyrkje – oppdatert

Jon Olav Ørsal Torsdag 24. januar 2019

Den siste tida har det stadig vore gjort utbetringsarbeid på kyrkjeorgelet, utan at det ein har fått til noko varig driftssikkerhet. Dette har tappa både soknerådet og budsjetta for vedlikehald av kyrkja, utan at det kan seiast å foreligge noko løysing på problemet. No inviterer soknerådet til kronerulling for å få kyrkjeorgelet i akseptabel stand – utfordringa går både til privatpersonar, bedrifter og lag/organisasjonar om å være med på eit krafttak.


Klar for Open Dutch – Sindre blir historisk todaling…

Jon Olav Ørsal Torsdag 24. januar 2019

Sindre K. Bruset blir ein historisk todaling, skrattar Kjell Gunnar Polden som er coach for Sindre, og som er på veg til Nederland for å delta på Open Dutch i Taekwondoo. Så vidt han veit er det ingen todalingar som har delteke i utlandet før, så Sindre blir den første. Han fortel at Sindre har hatt ei veldig fin utvikling dei siste par åra, og no er tida inne for å prøve seg utanlands og ikkje berre drive lokalt og regionalt.


Ut med jula – inn med våren!

Jon Olav Ørsal Torsdag 24. januar 2019

Det er vel i tidlegaste laget å seie at Hageland er i gang med vårsesongen, når det er 10 -12 kuldegrader ute og langt på veg ein meter snø. Men på Hageland er pallekragar, jord, frø og vekstlys alt på plass og klart til bruk.


Nordvik grendalag: Inviterer til fredagsquiz

Jon Olav Ørsal Onsdag 23. januar 2019

Førstkomande fredagskveld blir du invitert til å bli med og sette ditt eige kunnskapsnivå på prøve. Det skjer i Nordvik forsamlingshus frå kl. 20.00 og det er grendelaget som står som arrangør av fredagsquiz. – Dette er eit prøveprosjekt, seier Ola Magne Nordvik som er «spørsmålmakar» denne kvelden, og han fortel at det vil bli både lokale spørsmål og spørsmål med regionalt og nasjonalt tilsnitt.


Forsvarsforeninga med militært skyttarlangrenn

Jon Olav Ørsal Måndag 21. januar 2019

Indre Nordmøre forsvarsforening arrangerte prøve til skiskyttarmerket etter militært program laurdag 19. januar på Toreseter i Bæverdalen. Programmet var 10 km langrenn med skyting av 10 skott mot skiver på 100 meters avstand. Lars Halle vann klassen med sivile ski og sivilt antrekk med tida 38,40. Halle hadde 8 treff.


Interessant kåseri om slaget i Gratangsbotn

Jon Olav Ørsal Sundag 20. januar 2019

Søndag ettermiddag arrangerte Todalen historielag ettermiddagskaffe i Ungdomshuset. Som vanleg trekte arrangementet mange historieinteressert for å høre Helge Husbys kåseri om slaget i Gratangsbotn den skjebnesvangre aprildagen i 1940. Det har nærast vore lagt lokk på denne hendinga – både i Gratangsbotn og deltakarane i Trønderbataljonen som var i harde kampen under slaget her den 25. april 1940.


To rette og to rang i snøfokket

Jon Olav Ørsal Laurdag 19. januar 2019

Laurdag var det «på’n igjen» med strikkekaffe i Sanitetshuset. Med Todalen Sanitetsforening som arrangør, og Arndis Søyset og Helen Saksen som vertinner vart det ein triveleg og vellukka strikkekaffe igjen. På årets første strikkekaffe var det ikkje noko spesielt tema, så det var strikking og sosialt samvær som stod på timeplana for dei rundt 20 frammøtte.


Travelt for brøytemannskapet

Jon Olav Ørsal Laurdag 19. januar 2019

På parkeringsplassen ved Matkroken var Arne Harald Moe i gang med å fortære formiddagsmaten. – Med motoren i gang var det tydeleg at det var travle tider, og brødskivene gikk ned på høgkant – saman med ein slurk med kaffe. Snøværet som har vart fleire dagar set faktisk brøytemannskapa på prøve, for dette er arbeid som skal utførast etter kontrakten og da er det berre å stå på.


Bli medlem i T.I.L., oppfordrar Michal

Jon Olav Ørsal Laurdag 19. januar 2019

Laurdag føremiddag hadde Michal Heimlund teke plass i kaffekroken for å selje medlemskap i Todalen Idrettslag. Idrettslaget har forresten allereie rundt 290 betalande medlemar, og det er slett ikkje verst når vi her i bygda har rundt 300 innbyggjarar med smått og stort.


Gudsteneste søndag kl 11

Jon Olav Ørsal Onsdag 16. januar 2019

Søndag 20. januar er 3. søndag i openbaringstida, og da blir det gudsteneste i Todalen kyrkje kl. 11.00.  Etter gudstenesta blir det kyrkjekaffe, og denne dagen er det takkoffer til Misjonsprosjektet, melder Todalen Sokneråd.  


INS: Årsmøte med song og Quiz

Jon Olav Ørsal Onsdag 16. januar 2019

Indre Nordmøre Senioruniversitet inviterer til årsmøte på Kulturhuset i Surnadal, onsdag 23. januar 2019 kl. 11.00. Dei byr på song og musikk, med gamle slagere og slagequiz med Tor Strand og Norvald Bondhus.


Pensjonistlaget med medlemsmøte

Jon Olav Ørsal Tysdag 15. januar 2019

Surnadal Pensjonistlag skal ha medlemsmøte på sjukeheimen tysdag 22.1. kl 1500. Det blir som vanleg song og musikk, og vi får kåseri ved Bengt Eriksson, leiar i Kristiansund Pensjonistlag.  Sjølvsagt blir det servering, loddsalg og triveleg samvær, skriv Surnadal pensjonistlag i ei pressemelding.