No blir det på stell på Todalshytta…
Vi stakk innom Todalshytta for å sjå kor langt dugnadsarbeidet er kome, og vart litt overraska over at det no faktisk er berre litt finpuss som står att – og sjølvsagt litt opprydding. Så kan hytta tas i bruk, sjølv om hytta ikkje skal være døgnopen og betjent turisthytte i sommar. Fotturistane får bruke Ishuset og Jomfruburet som sjølvbetente overnattingsplassar, og Todalshytta vil bli leid ut til arrangement som for eksempel konfirmasjonar, bursdagar og bryllupsarrangement.