Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Syng-med-oss trekte fullt hus

Jon Olav Ørsal Onsdag 24. april 2019

P17-koret klarte å skape ein skikkeleg stemningsfull kveld da dei trekte full brakke i Todalen ungdomshus onsdag kveld. Dei kunne by både på allsong og korsong med både mannskor, damekor og blandakor. P17-koret er i direkte fortsetting av Todalskoret, Åsskard kyrkjekor og Åsskard mannskor, til saman er dei 6 mannfolk og 9 damer som har Bernt Bøe som dirigent og musikalsk leiar.

Denne kvelden var det nærast ein slagerparade, der dei fekk med publikum på allsongen. Dei var og musikalsk forsterka med Peder Hønsvik på trekkspel. – Med ei repertoar som vi mellom anna kjenner frå Ønskekonserten med mange gamle slagarar, så skjønner vi at det var eit vakse og lydhøyrt publikum vi hadde med og gjera. Rause med applausen var dei og.

Mannskoret framførte «Rio Grande», Där björkarna susar» og fleire til. Foto: Jon Olav Ørsal

Damekoret framførte bl.a. «Vänskap» og «Kjerringshanty» Foto: Jon Olav Ørsal

Av repertoaret kan vi raskt nemne «Hvite måke», «Edelweiss», «Rio Grande», «Kom mai du skjønne milde» og mange fleire, så skjønner vi at det etter kvart vart god stemning i ungdomshuset. Bernt Bøe hadde og henta fram nokre songar frå kabareten «Med Segl og Wichmann» og klarte også å gjenskape noko av den stemninga derifrå.

I tillegg til song og musikk var det også eit par verbale innslag i løpet av kvelden, der Bernt Bøe med sin lune humor fortalte om livet i Bøfjorden i gamle dagar og leste Gunnar Moens prolog til ljosfesta i Bøfjorden i 1952. Gunvald Bøe bidrog også med muntre innslag frå gamle dagar.

Kaffepause med loddsal og traktering. Foto: Jon Olav Ørsal

Peder Hønsvik var med og forsterka koret musikalsk. Foto: Jon Olav Ørsal

Bernt Bøe er dirigent og musikalskleiar for P17-koret. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 24. april 2019, 22:18