Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vårsongfest i Bøfjorden

Jon Olav Ørsal Tysdag 30. april 2019

Når det livnar i lundar og lauvast i li, inviterer kor og operaartistar til årleg Vårsongfest i Bøfjorden. Søndag opnar grendahust dørene til kvitrande vårtonar, allsong og sjøsalt kabaret. Gruppa TriOpera med Sigrid Vetlester Bøe, Maria Moen Nohr og Hedda Hansen Berg har makta å vekkje stor opera- og songinteresse på indre Nordmøre. Musikk som tidlegare vart skrudd av på radioen, har dei siste åra trekt fullsett Bøfjorden Grendahus.

Prosjekt 17 er arrangør av Vårsongfesten og brukar allsongboka flittig. Frå venstre: Nora Bøe, Øystein Moe, Borghild Talgø, Liv Marit Polden, Einar Husby, Ann-Magret Botten, Inger Garthe, Kari Sæther, John Moe, Kirsten B. Bøe, Per Arne Hyldbakk og Randi Bøe.

Opera, «Melodiminne» og lokal musikal
Samtidig representerer arrangørkoret Prosjekt 17 både tradisjonell korsong, slagertradisjon og kortreist kabaretunderhaldning. Søndag serverer dei slagerstoff og evergreens frå sin eigen CD «Melodiminne» og utdrag frå dirigent Bernt Bøe sin fjordamusikal «Med segl og Wichmann». Vårsongfesten kombinerer kunstnarlege ambisjonar og sosial trivselsprofil. Mellom operakunst av både munter og høgtflygande karakter kan publikum nyte bygdekvinnelagets kaffe og kaker ved borda. Og sjeldan er det vel gratis inngang til profesjonelle operaprogram som dette? På Bøfjorden Grendahus bestemmer du sjøl billettprisen – ved å kjøpe lodd til drift av det lokale musikklivet!

TriOpera er både muntre og seriøse. Frå venstre Maria Moen Nohr (mezzosopran), Hedda Hansen Berg (klaver) og Sigrid Vetleseter Bøe (sopran).

Trio med gjestande operasjef
Damene i TriOpera bur til dagleg på kvar sin kant. Sigrid Vetleseter Bøe – utdanna ved Operahögskolan i Stockholm, held til i Berlin. Maria Moen Nohr er tilsett i Trondheim Vokalensemble og begynte nyleg som assisterande dirigent i Nidarosdomens Guttekor. Saman med familien står ho kvar sommar i spissen for Bryggeoperaen på heimstaden Kjerringøy. Hedda Hansen Berg bur på Kvanne og pendlar til jobb som klaverpedagog i Kristiansund. Ho er ein dreven og etterspurt akkompagnatør.

Matserveringa blir besørga av Åsskard Bygdekvinnelag – her representert ved Ragnhild Skrøvset (t.v.) og Inger Lise Heggem.

Til Vårsongfesten i Bøfjorden har gruppa denne gong også invitert barytonen Lars Eggen, nytilsett sjef for Opera Trøndelag. Med han er konserten ikkje minst sikra både verbal og musikalsk humor.
Like viktig som nytelsen av opera, korsong, fjordakabaret og kaffebordets gleder er allsongen – sjølve urkrafta i alle års vårsongfester. Folk rundt borda er medaktørar like mykje som dei er publikum.

Publisert: 30. april 2019, 20:18