Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Runda av finvêrspåska med friluftsgudsteneste

Jon Olav Ørsal Måndag 22. april 2019

Etter nærare 20 år må ein vel seia at friluftsgudstenesta på Haugligardane har vorte ein skikkeleg innarbeidd påsketradisjon i Todalen. Like tradisjonelt er set faktisk at det er finvêr 2. påskedag. Friluftsgudstenesta har nemleg vore eit fast arrangement heilt sia 2002 – med unntak av eit år da soknerådet ikkje torde å lita på vêret og flytta arrangementet inn i kyrkja. Men finvêr var det den gongen og. 

Rundt 50 deltakarar på friluftsgudstenesta på haugligardane. Foto: Jon Olav Ørsal

Under dagens friluftsgudsteneste var det samla rundt 50 deltakarar, og det var sokneprest Kristin Strand som var liturg. Som vanleg var det Bernt Bøe som var organist og han hadde med seg det lille batteridrevne orgelet sitt som tonefølgje til salmesongen. Bernt Bøe er nemleg vikar no ettersom vi ventar på tilsetting av ny organist i Todalen, Stangvik og Åsskard. 

Under gudstenesta var det kollekt til kyrkjelydsarbeidet i Todalen.  Kristin fortalte at bruken av desse pengane mellom anna går til songbok til konfirmantane. Dei får ei praktgåve av songboka som gåve frå kyrkjelyden på konfirmasjonsdagen. I år er det forresten konfirmasjonsgudsteneste i Todalen kyrkje søndag 19. mai.  Elles er det sjølvsagt gudsteneste på nasjonaldagen 17. mai i tilknyting til feiringa av nasjonaldagen. 

På kyrkjebakkan: Borghild Talgø orienterte om Syng med oss-kveld i Todalen ungdomshus onsdag kveld. Foto: Jon Olav Ørsal

TILs trimgruppe sørga for varme pølser og tilbehør i samarbeid med soknerådet. Frå venstre Lars Kvendset, Anita Talgø og Jorunn Nordvik. Foto: Jon Olav Ørsal

Anders gjeldnes sørga for ringinga frå eige klokketårn. Foto: Jon Olav Ørsal

Liturg under friluftsgudstenesta var sokneprest Kristin Strand. Foto: Jon Olav Ørsal

Det batteridrevne orgelet til Bernt Bøe srga for musikk til samlesongen. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 22. april 2019, 13:12