Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vårtreff utan like på Syltøran

Jon Olav Ørsal Laurdag 27. april 2019

Dei fire naboane slo seg i lag og inviterte til Vårtreff fredag og laurdag.  Det var midt i blinken for publikum som slutta opp om dei to marknadsdagane som nærast vart to skikkelege sommardagar.

Det var dei Hageland Surnadal og Byggmakker Surnadal som saman med Sveen Auto og Eik-Sentret Surnadal som nytta desse to finversdagane til å samarbeide om å arrangere marknadsdagar på Syltøran.  Sjølv om det var første gongen dei gjorde dette i samarbeid, så er dette Vårtreff nr 32 for Eik-Sentret. 

For Eik-sentret er dette vårtreff nr 32 – Nils Moen har vore med på alle og resten av gjengen på dei fleste. Frå venstre Ove Øye, Nils Moen, jHelge Nilsen og Jan Magne Sæter (dagleg leiar) foto: Jon Olav Ørsal

Nils Moen som er ein av gründerane på Eik-Sentret fortalte at dei var 6 tilsette da dei arrangerte vårtreff for første gong i 1987. Vi var 3 på verkstaden og 3 på salg/butikk den gongen og hadde servering på eit lagerrom.  Den gongen var det kundar berre frå Nordmøre som var invitert – i dag har vi faktisk kundar rund heile Midt-Norge, og mange av dei har vi jammen hatt besøk av i helga. Dei siste åra har vi og fått med mange av leverandørane slik at vi har fått vist og demonstrert utstyr i stor bredde. 

Rømmegraut på menyen i serveringsteltet – her var det trøkk heile dagen. Foto: Jon Olav Ørsal

Jan Magne Sæter, som er dagleg leiar for Eik-Sentret, fortel at dei har hatt rekardarta respons på dette vårtreffet – mykje folk fredag og enda meir folk på laurdag. Mange har nok kome for å sjå på utstyr, men mange har også kome for å treffe – og diskutere fag og utstyr med kolleger. Det er det faktisk eit stort behov for i dag.

Stein Egil Aakvik er nytilsett selger – og sjølvsagt stolt av den nye modellen som heiter VW T-Cross og er ein SUV i Polo-segmentet. Foto: Jon Olav Ørsal

Sveen Auto som er nabo i aust hadde fyrt opp grillen og freista kundane med både fiskeburgere og hamburgere frå grillen. – Sjølvsagt er vi opptekne av og har stor fokus på salg, men vi tek oss også tid til å kose oss med grillmat i lag med kundane.  Litt stolte er vi sjølvsagt av at vi kan skilte med ein ny bilmodell akkurat no under vårtreffet.

Tysdag får Talgø MøreTre to nye bilar – sjølvsagt frå leverandøren i nabolaget, seier Terje Talgø som prøvesitter den nye VW Transporter i Talgø-fargar. Foto: Jon Olav Ørsal

Den nye VW T-Cross er ein ny SUV i Polo-skiktet som har bensinmotor og som prismessig startar på rundt 300.000.  Det Stein Erik Aakvik som er nytilsatt selger som stol viser fram den nye bilen som snart blir leveringsklar. Vi legg mellom anna merke til at det er god sittehøgde i den nye bilen som absolutt er verdt ein prøvetur.

Grillkos utafor butikken hos Sveen Auto. Foto: Jon Olav Ørsal

Det har vore to dagar eventyrlege dagar fortel May-Britt Dyrli hos Hageland og Byggmakker. Dei to Talgø-bedriftene har vore med på Vårtreffet for første gong, og har hatt stor suksess med sitt trailersalg av hagemøblar.  Når du har utstilling under open himmel så er du avhengig av finvêr, og det har vi fått til fulle.  Folk har rett og slett kosa seg her – både i og utafor butikken, og vi har hatt eit heilt eventyrleg sal, fortel Dyrli som er imponert over at dei klarar å trekkje kundar både frå Kristiansund, Sunndalsøra og til og med Trondheim.

Oddmund Jørgensen og Anita Talgø ar hatt trevle dagar med trailersalg av hagemøblar hos Hageland Surnadal. Foto: Jon Olav Ørsal

Hagemøblar er sjølvsagt den største varegruppa, men vi har også selt mykje planter, busker, blomster og sjølvsagt blomsterjord i store mengder – det er nemleg vi som har det største utvalet av blomsterjord, hinter ho oss om samtidig. På Byggmakkerbutikken er det mellom terrassematerialar og belegningsstein som har vore i skuddet – i tillegg til grillar og grillustyr.

Her har dei fire naboane tilhald – Byggmakker og Hageland i front – Eiksentret midt i biletet og Sveen Auto lengst til høgre. Utsikt frå Roparen: Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 27. april 2019, 17:23